Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (20 %, mellombels) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist 23.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling som forskar utan doktorgrad (20 %) frå 1. august 2019 til 31. mars 2021.

Stillinga er knytt til prosjektet “Brain-Gut microbiota interaction in irritable bowel syndrome: a multidementional approach ”, finansiert av Norges Forskingsråd (FRIMEDBIO 276010), forankra i Bergen Brain-Gut forskingsgruppe, Klinisk Institutt 1, (http://braingut.no), Nasjonal Kompetanseteneste for Funksjonelle Mage-tarmsjukdommar (www.helse-bergen.no/NKFM) og Mohn Medical Imaning and Visualization Center (MMIV), Department of Radiology, Haukeland Universitetssjukehus.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er ein større klinisk studie som inneber utforsking av funksjon og dysfunksjon av hjerne-tarm-aksen og tarmen si bakterieflora hos pasientar med irritabel tarm og friske kontrollar. Dei adresserer fem sentrale utfordringar: (i) Hjerna si struktur og funksjon samt tarm-motilitet hos pasientar med IBS, (ii) Kognisjon -og emosjon ved IBS, (iii) Tarmflora-profiler, (iv) Påverknad av ernæring og diett på IBS, (v) Seleksjon av pasientgrupper og identifisering av klinisk nyttige molekylære- og bilde-baserte biomarkørar.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av studia si diettintervensjon
  • Poliklinisk kostrettleiing av pasientar
  • Bidra til opplæring og rettleiing av forskarline/masterstudentar i medisin og klinisk ernæringsfysiologi

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • må ha norsk mastergrad i klinisk ernæring og autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
  • må beherske norsk og engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om gastromedisin, og helst funksjonelle mage-tarmsjukdommar og lav-FODMAP-dietten
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten
  • søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan fagområdet ernæring
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 449 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen