Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 18.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er eksternt finansiert av Bergens forskningsstiftelse (BSF) og Universitetet i Bergen, og er for tida knytt til prosjektet ”DiaCell - Discovery of novel biomarkers for neurovascular complications in patients with diabetes using targeted patient-derived cell approach ”. Prosjektet har ei førebels finansiering i to (2) år. Stillinga er lokalisert ved Senter for diabetesforskning (http://www.uib.no/en/diabetes).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Norden har den høgaste førekomsten av type 1-diabetes i verden. Pasientar med diabetes har alvorleg redusert livskvalitet og funksjonshemmingar på grunn av økt risiko for makro- (kranskarsjukdom) og mikrovaskulær (nephropati, neuropati og retinopati) komplikasjonar. Hovudformålet med prosjektet er å løyse kausal molekylære mekanismar som er ansvarlege for beskyttelse mot diabetiske auge og nervar. Vi ser etter ein erfaren og dyktig cellekulturforskar med molekylærbiologisk bakgrunn. Kandidaten vil arbeida i eit internasjonalt forskingsmiljø innan studiar av diabetes ved Senter for diabetesforskning og i samarbeid med Lund universitet, Sverige.

Arbeidsoppgåver:

  • kandidaten vil ha ansvar for å designe og optimalisere av metodar for in vitro-eksperiment på primære celler avleia frå pasientar med og utan diabetiske komplikasjonar som involverer iPSC-avleidde retina organoider.
  • å designe og utføre gen editering og farmakologisk inngrep for å undersøke nye biomarkørar, ved bruk av pasientar sine iPSC-avleidde retinale organoider.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan molekylærbiologi med erfaring i CRISPR genom redigering og transcriptomics analyse
  • det er eit krav at søkjaren har erfaring med omprogrammering i stamcellelinjer frå pasientprøver
  • erfaring frå stamcelledifferensiering og organoid danning vil og verte tillagt stor vekt
  • det er eit krav at søkjaren har erfaring innan histologiske teknikkar, spesielt augehistologi og augeanatomi
  • fortrinnsvis med bakgrunn frå utviklingsbiologi og kunnskap i nevroutvikling
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan diabetesforsking.
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå Norges forskningsråd (NFR), EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar, professor Valeriya Lyssenko, tlf.: +46 73 042 73 52 eller e-post: Valeriya.Lyssenko@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS