Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 06.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert av European Research Council (ERC), og er for tida knytt til prosjekt «Discovery and functional significance of post-translational N-terminal acetylation». Prosjektet har ei førebels finansiering i opp til 3 år og 6 månader (fram mot 1. juni 2023).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forsking på post-translasjonell N-terminal acetylering knytt til ERC-prosjektet. Både standard og avanserte metodar innan biokjemi, biofysikk og strukturbiologi trengs for å gjennomføre arbeidsoppgåvene knytt til dette prosjektet. Det vil verte sjølvstendig forskingsarbeid med ansvar for gjennomføring av sentrale delar av ERC-prosjektet frå ide til publikasjon.
  • Rettleiing av studentar frå bachelornivå til ph.d.-stipendiatar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
  • Det er eit krav at forskaren har produsert fleire originale vitskaplege publikasjonar som sentral forfattar i internasjonale tidsskrift innan fagfeltet proteinmodifikasjonar og strukturbiologi.
  • Omfattande og dokumentert erfaring i proteinekspresjon og rensing basert på både prokaryote og eukaryote vertsceller, samt strukturbiologi (protein krystallografi).
  • Det er eit krav at vedkomande har erfaring med rettleiing av studentar i laboratoriet på både master og ph.d.-nivå.
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane.
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i forskingsfronten innan protein funksjon og proteinmodifiseringar
  • Løn etter lønssteg 59-62 (kode 1109/lønsramme 24.3-24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 - 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Thomas Arnesen, e-post: thomas.arnesen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS