Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektkoordinator (forsker) ved HEMIL-senteret

Søknadsfrist: 08.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Vi ønskjer deg velkommen til å søkje på ei interessant og utfordrande stilling ved Universitetet i Bergen. Ved HEMIL-senteret, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % prosjektstilling som databankkoordinator. Stillinga er finansiert av eksterne midlar (38 månader). Ved oppstart er stillinga finansiert av prosjekt "Confronting obesity: Co-creating policy with youth" (Co-Create).

Prosjektet skal undersøkje korleis samfunnet kan leggje til rette for at ungdom vel eit sunt kosthald og ein aktiv livsstil. Totalt 13 internasjonale universitet deltar i prosjektet, som vert leia av Folkehelseinstituttet. HEMIL-senteret er ansvarleg for databanken i prosjektet. Både kvalitative og kvantitative data skal her kvalitetssikrast og leggjast til rette for analyse. Kvalitative data skriv seg frå fokusgruppediskusjonar blant ungdom og mellom ungdom og politikarar, medan kvantitative data vert samla inn gjennom ei spørjeundersøking blant ungdom.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Fungere som næraste medarbeidar for prosjektleiar.
  • Vere ansvarleg for dagleg administrasjon av databanken i prosjektet og ha dialog med dei involverte universiteta.
  • Ha ansvar for oppfølging av prosjektadministrasjon og informasjonsflyt, budsjett, kvalitetssikring av data, datarensking, saksarbeid, utviklings- og utgreiingsoppgåver.
  • Koordinere og gjennomføre rapportering til Folkehelseinstituttet og EU.
  • Delta i databehandling, rapportering og publisering.
  • Bidra i tilsvarande arbeidsoppgåver i prosjektet «Health Behaviour in School-aged Children», som HEMIL-senteret óg har databankansvaret for.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha minimum mastergrad eller tilsvarande.
  • Bør ha relevant erfaring med forskingsprosjekt.
  • Erfaring med behandling av kvantitative forskingsdata er eit krav, samt kjennskap til kvalitativ analyse.
  • Må ha kunnskap om juridiske og etiske retningslinjer for handtering av persondata.
  • Søkjaren må ha god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk.
  • Fleksibel.
  • Evne til å jobbe systematisk og strukturert.
  • Evne til å takle samansette oppgåver.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Interesse for forsking.
  • Engasjert.
  • Løysingsorientert.
  • Kreativ og initiativrik.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Løn etter lønssteg 50 - 58 (kode 1108/lønsramme 25, alternativ 4-8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 448 900 - 513 200 brutto.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet høyrer innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha forskingsaktivitet sin finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor Oddrun Samdal, prosjektleiartlf. 97 07 09 04

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS