Stilling:

Forskar i 3D geodynamisk modellering

Søknadsfrist 01.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i 3D geodynamisk modellering

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som forskar innan 3D geodynamisk modellering av riftmarginar og interaksjon med overflateprosessar. Stillinga er for ein periode på 2 år og er knytt til samarbeidsprosjektet «Coupling Lithosphere Deformation with Surface Processes and Stratigraphy (COLORS)” mellom Bergen, Toulouse, Grenoble Universities og Total. Prosjektet har ei varigheit på totalt fem år. Ønska oppstart for stillinga er så snart som mogleg.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Vi ønsker å tiltrekkje oss ein aktiv forskar med dokumentert forskingserfaring i geodynamisk modellering. Kandidaten vil vere ein del av eit stort forskingslag med 8 postdoktorar og forskarar som utforskar interaksjon mellom «rift-passive margin» og orogene system, og deira interaksjon med overflateprosessar ved bruk av numerisk modellering og observasjonar frå utvalte system.

Kandidaten vil vere ansvarleg for tilpassing og bruk av 3D tektoniske- og overflateprosessmodellar. Hovudfokus vil vere på bruk av 3D tektonisk-overflateprosessmodellering for å forstå interaksjon og tilbakekoplinga mellom kontinental rifting og overflateprosessar i ekstensjonssystem, som for eksempel i Øst Afrika, Sentral Hellas og Suez Golfen.

Arbeidsplassen til forskaren vil hovudsakleg vere ved Institutt for geovitenskap, der ho/han vil samarbeide med Ritske Huismans. Lengre opphald ved Universitetet i Toulouse, Frankrike (D. Rouby) og TOTAL (Pau) vil inngå i prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan tektonikk, geodynamikk eller geofysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn og forskingsinteresse innan kvantitativ tektonisk modellering og/eller overflateprosessmodellering samt kvantitativ geovitskap er eit krav.
  • Dokumenterte evner til å presentere og publisere skriftleg forskingsarbeid av høg kvalitet på internasjonalt nivå og dokumentert forskingspotensiale, er eit krav.
  • Erfaring med rift-system, lang tidskala tektonisk modellering og overflateprosessmodellering, og/eller erfaring med bruk av «finite element»-metodar vil vere ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ritske Huismans, Institutt for geovitenskap, tlf. +47 55 58 81 17, e-post: ritske.huismans@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS