Stilling:

Leiar av eining for statistikk og analyse

Frist 03.02.2019

Utlendingsdirektoratet

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Bli kjent med Utlendingsdirektoratet

Vi søkjer etter ein dyktig leiar til arbeidet med å vidareutvikle, analysere og presentere datagrunnlaget UDI eig, slik at det blir utnytta som ein strategisk ressurs for UDI og utlendingsforvaltninga.

UDI er ei verksemd som heile tida må tilpasse seg omgivnadene ved å forbetre og utvikle arbeidsprosessar og organisering. Statistikk og analyse om verksemda og saksinngang er ein viktig suksessfaktor for dette. Vi ønskjer å utvikle forvaltninga og bruken av den store mengda data UDI eig, som for ein stor del er basert på registreringar i fagsystema våre. Det vil også vere relevant å finne og utnytte koplingar mot andre relevante data.

Vi søkjer etter ein leiar med brei erfaring frå arbeid med statistikk, analyse og styringsinformasjon. Som leiar av eininga må du kunne leie både operative og strategiske prosessar parallelt, du må ha god verksemdsforståing og kunnskap om korleis styringsinformasjon blir nytta i analysar og styringa på alle nivå i organisasjonen.

Eining for statistikk og analyse omfattar 11 medarbeidarar og har ansvar for å utarbeide styringsinformasjon i form av statistikk og analysar til bruk i UDI, Justis- og beredskapsdepartementet og andre delar av forvaltninga. Eininga utarbeider offisiell innvandringsstatistikk og tek del i internasjonalt statistikksamarbeid. Vi utarbeider også prognosar over talet på asylsøkjarar og saksinngangen i UDI. Eininga har ansvaret for evalueringsverksemd og FoU i UDI.

Eining for statistikk og analyse er organisert i analyse- og utviklingsavdelinga i UDI. I tillegg til statistikk og analyse har avdelinga ansvar for budsjett, økonomi og verksemdsstyring, utviklings- og forbetringsarbeid, strategisk innkjøpsarbeid, utvikling av regelverk og praksis, og internasjonalt samarbeid. Avdelinga samarbeider tett med dei andre avdelingane i direktoratet og har i tillegg omfattande kontakt med Justis- og beredskapsdepartementet, andre aktørar i migrasjonskjeda og eksterne samarbeidspartnarar. For tida omfattar avdelinga rundt 65 medarbeidarar fordelt på seks einingar.

Arbeidsoppgåver

  • ha fag-, budsjett- og resultatansvar for eininga
  • ha personalansvar for medarbeidarane i eininga
  • sikre at UDI har påliteleg og relevant statistikk og styringsinformasjon som blir formidla internt og eksternt på ein god måte. Eininga har ansvaret for heile kjeda i statistikkproduksjonen, frå uttrekk i databasar til formidling av funn.
  • leie arbeidet med å utarbeide og kvalitetssikre prognosar for saksinngang til utlendingsforvaltninga, medrekna analyse av asyltrendar
  • bidra til at UDI utnyttar teknologi og system for å ha relevant styringsinformasjon på ulike nivå i organisasjonen, og vidareutvikle bruken av verktøy for verksemdsetterretning for heile verksemda
  • delta i nasjonalt og internasjonalt statistikksamarbeid
  • leie FoU- og evalueringsverksemda i UDI

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning på mastergradsnivå. Solid og relevant erfaring saman med utdanning på bachelornivå kan kompensere for dette kravet.
  • Du har erfaring frå å leie sjølvstendige og kompetente medarbeidarar.
  • Du har dokumentert erfaring frå arbeid med statistikk og analyse, og frå forvaltning, bruk og presentasjon av komplekse data frå ulike kjelder.
  • Du har erfaring med strategisk bruk av verksemdsdata til styringsinformasjon, helst i offentleg forvaltning og til verksemdsstyring.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med FoU og evaluering.
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Den som blir tilsett, må kunne tryggleiksklarerast.

Eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og evnar å skape tillit på alle nivå i organisasjonen.
  • Du er dyktig til å leie, inspirere og utvikle medarbeidarar.
  • Du er effektiv og strukturert, og har gode analytiske evner.
  • Du er initiativrik, flink til å prioritere og har stor gjennomføringsevne.
  • Du har god systemforståing og har evne til å tenkje heilskapleg og strategisk, samtidig som du kan leie operative prosessar.
  • Du er dyktig til å drive kontinuerleg endrings- og utviklingsarbeid.
  • Du er tydeleg og direkte, og er god til å kommunisere både internt og eksternt.
  • Du er oppteken av å etterleve kjerneverdiane og dei etiske retningslinjene til UDI.
  • Borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedne om å samtykke til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei bli kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • ei spennande leiarstilling med utfordrande oppgåver i ei avdeling som er prega av høg fagleg kompetanse og dyktige medarbeidarar.
  • ei dynamisk og fleksibel verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg
  • lønn som seksjonssjef (kode 1211) i lønnsspennet kr 750 000-950 000 (brutto per år), avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring.
  • Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi vil oppfordre alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
  • I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Søknad merkes: AUA/ESA leder 03/19

Søk på stillingen

Spørsmål om stillingen

  • Stephan Mo (Avdelingsdirektør), 901 01 844