Spennende jobbmulighet i Barne- og Ungdomsavdelingen ved Helse Førde!

Studiesjukepleiar

Søknadsfrist: 24.01.2020

"The ALIENS Study - ArtificiaL IntelligencE in Neonatal Sepsis" er eit nasjonalt forskingsnettverk som utgår frå Helse Førde, med eit langsiktig mål om å bruke teknikkar innanfor kunstig intelligens til å få ned antibiotikabruk hos nyfødde. Diagnosen sepsis (også kalla alvorleg blodforgifting) er utfordrande å setje, og mange nyfødde vert behandla "for sikkerheits skuld".

Helse Førde

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Vi håpar å utvikle verktøy som kan brukast av klinikarar til å bli meir treffsikre i å setje ein slik diagnose, slik at vi både unngår å behandle nyfødde som ikkje har behov for antibiotika, og klarar å starte opp behandling på eit tidlegare tidspunkt for nyfødde som har ein slik alvorleg infeksjon i kroppen.

Oppstart stilling snarast mogeleg.Arbeidsperioden er fram til 31.07.2020 med moglegheit for forlenging dersom vi får meir midlar til studien.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektet ønskjer ein studiesjukepleiar som kan bidra til å kvalitetssikre prosjektet og etterfylle og registrere innsamla pasientdata
  • Funksjon som lokal superbrukar for VieDoc (dataregistreringssystemet)
  • Koordinerande rolle i datainnsamlinga
  • Andre prosjektoppgåver ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Tidlegare forskingserfaring vert ikkje krevd, men kan vere ein fordel
  • Erfaring med arbeid innan nyføddmedisin vert ikkje krevd, men vil trekke i positiv retning
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Det er ein fordel med engelskkunnskapar
  • Gode IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Ryddig og strukturert, og som kan halde god oversikt
  • Høg arbeidskapasitet
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men også evne til å jobbe sjølvstendig
  • Interesse for, og ferdigheiter i å jobbe på pc
  • Interesse for forsking og kvalitetsarbeid er ein fordel
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Spennande og ansvarsfulle oppgåver
  • Fleksibel arbeidstid, med moglegheit for heimekontor
  • Moglegheit for å vere med på å bygge opp forskingsaktivitetar i Helse Førde
  • Bidra til utvikling av framtidsretta verktøy som betrar diagnostikk hos nyfødde
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Webcruiter-ID: 4128821930

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Jobin Kotakkathu Varughese (Prosjektleiar, The ALIENS Study), (+47) 995 42 303
  • Solveig Horstad Berget (Avdelingssjef Barne- og ungdomsavdeling), (+47) 578 39 116
Powered by Labrador CMS