Stilling:

Forskarar på klimatilpassing og klimaomstilling

Søknadsfrist: 10. februar 2019

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 30 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til ved Campus Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.

Kunne du tenkje deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan denne stillinga i Sogndal vere noko for deg.

Vestlandsforsking har to ledige stillingar som forskar II og/eller forskar III. Vi søkjer etter forskarar på områda klimatilpassing og klimaomstilling.

Personane som vert tilsett vil i første rekkje arbeide med prosjekt som omhandlar tilpassing til klimaendringar, men klimaomstilling kan òg vere aktuelt. Stillingane vil vere knytt til det nyetablerte Norsk senter for berekraftig klimatilpassing. Senteret har som mål å styrke både privat og offentleg sektor sin evne til tilpassing til klimaendringar. Stillingane vil innebere kontakt med brukarar og vil inkludere formidling og rettleiing i tillegg til forskingsoppgåvene.

Du bør ha ei fagleg hovudforankring innan samfunnsfag og fortrinnsvis ha erfaring med både kvalitative og kvantitative metodar. Du må også ha grunnleggande kunnskap på klimafeltet og interesse for å arbeide med lokal klimaomstilling og lokale klimatiltak. Søkjarar med relevant doktorgrad og forskarerfaring vil bli føretrekte. Søkjarar med relevant mastergrad vil bli vurdert.

Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet, og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt tverrfagleg arbeidsmiljø med om lag 30 forskarar med bakgrunn i blant anna statsvitskap, samfunnsgeografi, økonomi og naturvitskap. Vi tilbyr også gode samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist: 10. februar 2019.

For nærare informasjon om stillingane:

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Powered by Labrador CMS