LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Underdirektør ved Universitetsmuseet i Bergen

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Underdirektør

Ved Universitetsmuseet er det ledig ein fast 100% stilling som underdirektør.

Universitetsmuseet vert leia av museumsdirektør og har eige styre. Museet har nyleg gjennomført eit organisasjonsutviklingsprosjekt og er no organisert med fire avdelingar samt ein fellesadministrasjon. Avdeling for kulturhistorie og Avdeling for naturhistorie er organiserte som institutt med instituttleiarar. Avdeling for forskingskommunikasjon og Avdeling for samlingsforvaltning er organiserte som administrative avdelingar leia av avdelingsleiarar, fellesadministrasjon er leia av underdirektør.

Underdirektøren er del av den strategiske leiinga ved museet og avlastar direktøren administrativt.

Arbeidsoppgåver:

Ved universitetet er omfattande ansvar delegert til fakulteta og Universitetsmuseet, og underdirektøren skal:

  • Ha delegert ansvar for å følge opp det økonomisk-administrative området for heile museet.
  • Legge til rette for museets budsjett- og økonomioppfølging og sikre heilskapleg økonomistyring i samråd med museumsdirektøren
  • Leie museets fellesadministrasjon og ha eit samla koordinerande ansvar for dei tre felleseiningane
  • Utvikle fellesadministrative funksjonar og rutinar
  • Ha overordna ansvar for personal- og arealforvaltning, samt for institusjonens HMS-arbeid
  • Ha ansvar for å sikre god interninformasjon ved museet
  • Ha saksbehandlings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver
  • Ha ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
  • Møte i UiBs direktørmøte og inngå i museets leiargruppe
  • Vere museumsdirektørens administrative stedfortreder

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på mastergradsnivå
  • Gode samarbeids- og leiareigenskapar og gode administrative og strategiske evner
  • Omfattande erfaring og gode resultat frå budsjett- og økonomistyring
  • Solid erfaring innanfor leiings- og utgreiingsoppgåver på høgt nivå
  • God administrativ IKT-kompetanse
  • Kjennskap til universitets- og høgskolesektoren samt relevant lov- og avtaleverk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlige eigenskapar:

  • God leiar- og samarbeidseigenskapar med stor vekt på kommunikasjon- og resultatansvar
  • Evne til å kommunisere, lytte og motivere medarbeidarar
  • Evne til å vere utviklingsorientert, ta initiativ og arbeide strategisk
  • Evne til sjølvstendig og målretta arbeid
  • Interesse for HMS og personalforvaltning

Vi tilbyr:

  • Svært interessante og utviklande leiaroppgåver
  • Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
  • Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling
  • Stilling som underdirektør (kode 1059) i lønnssteg 82-86 (for tida kr. 873 400 – 977 600) i det statlege lønsregulativ. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse som gir god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør Henrik von Achen, telefon 55583120 / 92445843, e-post: henrik.von.achen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS