LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Direktør ved Universitetsmuseet

Søknadsfrist: 06.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret.

Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Direktør ved Universitetsmuseet

Universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen har omfattande vitskapelege samlingar innan arkeologi, antropologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Museet sine hovudoppgåver omfattar forsking, formidling og samlingsforvaltning. Museet er lokalisert i sentrum av Bergen og har om lag 140 årsverk og eit totalbudsjett for 2021 på om lag 200. mill.

Ei rekkje aktivitetar ved museet er vesentleg endra dei siste åra gjennom satsing på nye formidlingsarenaer, gjennom formidlingsformer med auka samarbeid og bruk av museet sine areal til å formidle forsking på alle fagområda ved universitetet. Innanfor samlingsforvaltning har ein dei seinare åra arbeidd med å styrke konserveringsarbeidet, sikring og å auke tilgjenge av samlingane for eit breiare publikum. Nyopninga av dei naturhistoriske samlingane har gjeve universitetet nye formidlingsarenaer og ein vesentleg auke i publikumstilstrøyming. Gjennom samlingar og ekspertise har Universitetsmuseet som mål å vere eit leiande europeisk universitetsmuseum.

Direktøren rapporterer til rektor i sitt arbeid og deltar i universitetets dekangruppe.

Direktøren skal:

  • Arbeide innafor rammer gitt av universitetsstyret, styret ved museet og vedtekter, og rapportere til rektor og universitetsdirektør
  • Leie og utvikle den museumsfaglege verksemda med vekt på kvalitet i forsking, formidling og forvalting
  • Støtte og motivere forskingsmiljøa i arbeidet med søknader om ekstern finansiering
  • Støtte og leie arbeidet med forvalting og sikring av samlingar og botaniske anlegg, slik at dei oppfyller alle krav til moderne museal standard
  • Vidareutvikle forskings-kommunikasjon og -formidling som møteplass for UiBs forsking og samfunnet omkring, og støtte og leie arbeidet med formidling, også digitalt, ovanfor skoleverket, studentar, offentleg forvaltning og publikum
  • Arbeide for at museet fremmer Universitetet i Bergen si forskingshistorie

Videre skal direktøren:

  • Representere og profilere museet overfor samfunn og publikum
  • Vidareutvikle ein framtidsretta organisasjons- og leiarstruktur
  • Skape ein positiv og involverande organisasjonskultur, stimulere til eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Ivareta budsjett-, resultat- og personalansvar og ansvar for tryggleik og beredskap

Vi søker ein person som har:

  • Vitskapeleg kompetanse på professornivå innanfor eitt fagområde med relevans for museet
  • Visjonar for museet si vidare utvikling
  • Erfaring som leiar av fagleg verksemd og solid administrativ kompetanse
  • Gode kommunikasjonsevner og ein motiverande og inkluderande leiarstil med utgangspunkt i samarbeid, medverknad og dialog
  • Evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Museumsdirektøren vert tilsett i stillingskode 1474 med løn etter nærare avtale. Stillinga er åremålsstilling for 4 år med høve til to nye periodar etter utlysing.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Rektor Margareth Hagen, tlf. 416 19 662 eller
  • Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden, tlf.: 975 57 140

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS