Stilling:

Avdelingsleiar (Avdeling for person- og sosialstatistikk)

Søknadsfrist: 03.02.2019

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Til å leie Avdeling for person- og sosialstatistikk søker SSB etter ein dynamisk og dyktig fagdirektør med brei kompetanse innanfor statistikk og analyse og god innsikt i relevante samfunnsspørsmål. Du vil rapportere til administrerande direktør, vere ein del av SSBs toppleiargruppe og leie ei avdeling på ca. 180 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger.

Hovudoppgåva til fagdirektøren er å leie avdelinga, utvikle ho og realisere SSBs mål og samfunnsoppdrag gjennom dei endringsprosessane som til kvar tid er nødvendig. Stillinga krev god og relevant fagkunnskap og forståing om viktige arbeidsprosessar innanfor statistikkproduksjonen.

Hovudområda til avdelinga er arbeidsmarknad og lønn, befolkning, helse og omsorg, inntekt og levekår, utdanning og kultur og dessutan utlån av mikrodata til forskarar. Det er ei prioritert oppgåve å utvikle statistikkporteføljen til avdelinga og legge til rette for utlån av mikrodata til forskarar.

Aktuelle kandidatar har høgare utdanning på hovudfags-/masternivå, god forståing for samfunnsspørsmål og SSB si rolle. Stillinga krev solid analyse- og/eller forskingskompetanse. Det er ein fordel med god kjennskap til statistisk metode, datainnsamlingsmetodar og internasjonale kvalitetskrav til statistikken. Som fagdirektør blir du ein viktig bidragsytar i SSBs leiargruppe, og vi forventar at du tar medansvar og bidrar konstruktivt i arbeidet med SSBs vidare utvikling.

Vi ser etter ein strukturert leiar som tenker heilskapleg og langsiktig, er tydeleg og opererer på strategisk nivå med stor gjennomføringsevne. Du er trygg i leiarrolla, bygger gode team og har evne til å motivere og engasjere kompetente medarbeidarar. Vi krev god evne til å samarbeide og kommunisere internt og eksternt. Å vere god både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad.

Vi tilbyr

· Lønn som fagdirektør (kode 1538), kr 900.00 eller høgare etter kvalifikasjonar

· Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning frå Statens pensjonskasse

· Lyse og trivelege lokale i Oslo/Kongsvinger

· Eit godt fagleg miljø som gir gode moglegheiter for eiga utvikling

· Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og et hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

· Attestar/vitnemål skal registrerast/leggast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi bed søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta.

· Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

· I SSB ønsker vi mangfald blant medarbeidarane våre. Vi oppfordrar difor blant anna personar med innvandrarbakgrunn til å søke.

· Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne

Ref. nr.: 19/26

Søk på stillingen

Kontaktinfo:

  • Geir Axelsen (Administrerende direktør), (+47) 97636282
  • Bjørnar Gundersen (Administrasjonsdirektør), (+47) 92406056
Powered by Labrador CMS