Ledig stilling ved Helse Bergen

Klinikkdirektør for Nevroklinikken ved Haukeland universitetssjukehus

Søknadsfrist: 02.05.2019

Ønskjer du å bruke din kunnskap og ditt leiarskap til å vidareutvikle regionssjukehuset si satsing på hjernehelse?

Vi søkjer etter ein klinikkdirektør som ønskjer å leie ei eining som skal bidra til kontinuerleg forbetring i pasientbehandling og pasientforløp. Du har god fagleg innsikt og forstår balansen mellom god klinisk drift, utdanning, opplæring, forsking og utvikling.

Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Om Nevroklinikken

Nevroklinikken består av Nevrokirurgisk avdeling, Nevrologisk avdeling og Logopedtenesta. Klinikken tek årleg imot nær 8000 pasientar for innlegging og om lag 18.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon. Klinikken har eit sterkt forskingsmiljø saman med Universitetet i Bergen og har fleire nasjonale kompetansesenter. Nevrologisk avdeling har som første og einaste eining ved eit sjukehus i Noreg fått tildelt Forskingssenter for klinisk behandling (FKB) innan nevrologi frå NFR saman med Universitetet i Bergen. Nevrologisk avdeling er lokalisert i Gamle hovudbygg og Nevrokirurgisk avdeling er i Sentralblokka i 7. etasje. Nevroklinikken har om lag 257 årsverk med eit budsjett på om lag 334 millionar kroner.Les meir om Nevroklinikken på heimesidene våre.

Du skal leie engasjerte og dyktige fagfolk og du evner å setje i verk tiltak i organisasjonen gjennom godt samarbeid, eit forbetringsperspektiv og handlekraft.

Som direktør for Nevroklinikken vil du rapportere til administrerande direktør og vere ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering. Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
  • Samhandle med andre einingar på sjukehuset, primærhelsetenesta samt universitet og høgskular
  • Sikre koordinering av den daglege drifta
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning på masternivå.
  • God og relevant leiarerfaring og/eller -utdanning
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • Kunnskap og erfaring med endrings- og forbetringsprosessar
  • Erfaring med mål- og strategiarbeid
  • Erfaring frå resultatoppfølging
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Handlekraftig, inspirerande og inkluderande
  • God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne
  • Heilskapleg og samfunnsmessig forståing
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Robust
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit levande og sterkt kompetansemiljø
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale

Ref. nr.: 4061092873

Søk på stillingen

Kontaktinfo

  • Tove Huse Bjerkevoll (Rådgivar innan leiarrekruttering), (+47) 48073834
Powered by Labrador CMS