Stilling:

Forskingsdirektør - Haukeland universitetssjukehus

Søknadsfrist: 03.02.2019

Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande. Klinikknær forsking og innovasjon er nødvendig for at pasientbehandlinga kan bli stadig betre, at tenenestane utviklar seg i tråd med nye behov og metodar, og for at vi brukar ressursane på best mogleg måte.

Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehuset på Vestlandet, og har eit sterkt og aktivt forskings- og innovasjonsmiljø.

Forskingsdirektøren har ei sentral rolle for å skape gode rammevilkår innan forsking og innovasjon både ved regionssjukehuset og elles i helseføretaka i Helse Vest. Forsking- og innovasjonsaktiviteten skal styrkast ved målretta stimuleringstiltak, profesjonell forskingsstøtte og gode IKT-løysningar. Forskingsdirektøren har ansvar for det regionale kompetansesenteret for klinisk forsking og ei viktig strategisk rolle i regionale og nasjonale fora for å påverke utviklinga av overordna føringar og system for klinikknær forsking og innovasjon. Forskingsdirektøren er leiar for Seksjon for forsking og innovasjon, ei eining i Forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Seksjonen er samla i moderne lokale sentralt på Haukelandsområdet og består i dag av 48 kompetente medarbeidarar med variert bakgrunn som utgjer eit spennande fagmiljø vel anerkjent både ved regionsjukehuset og i Helse Vest. Seksjon for forsking og innovasjon har viktige stimulerings- og rådgjevarfunksjonar for klinikknær forsking og innovasjon. Seksjonen driv Haukeland universitetssjukehus sine kliniske forskingspostar, fagsenteret for innovasjon, det regionale kompetansesenteret for klinisk forsking og det regionale fagsenteret for medisinske kvalitetsregistre. Seksjonen arbeider òg med metodevurderingar og personvernvurderingar, og har ansvar for det regionale redelighetsutvalget for forsking. Seksjonen koordinerer arbeidet med Helse Vest sine samarbeidsorgan mellom det regionale helseføretaket og universiteta og høgskulane i regionen. I tillegg har seksjonen ansvaret for å tildele og følgje opp Helse Vest sine forskingsmiddel som utgjer om lag 200 millionar kroner per år.

Vi søkjer ein utviklingsorientert og strategisk leiar med genuin interesse for å leggje til rette for forsking, innovasjon, metodevurderingar og kvalitetsregistre som kan styrke pasientane si helseteneste ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest. Vi kan tilby spanande oppgåver og utfordringar, kompetente og dynamiske medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. Som forskingsdirektør vil du rapportere til fagdirektøren ved Haukeland universitetssjukehus og til Helse Vest, og være del av leiargruppa ved Forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universite

Arbeidsoppgåver

· Ha totalansvar for Seksjon for forsking og innovasjon

· Bidra i strategisk arbeid for forsking og innovasjon lokalt, regionalt og nasjonalt

· Bidra til at Haukeland universitetssjukehus og Helse Vest når måla sine innan forsking og innovasjon

· Bidra til vidareutvikling av system og verktøy for å understøtte forskings- og innovasjonsaktivitet ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest

· Bidra til god samhandling med universitet og høgskular, departement og direktorat

· Leie sekretariatet for dei to samarbeidsorgana mellom Helse Vest og universitet og høgskular

· Vere rådgivar for Haukeland universitetssjukehus og Helse Vest innan forsking og innovasjon

· Være nettverksbyggar for å posisjonere forsking og innovasjon ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest

·

· Sjå våre nettsider for meir informasjon: Les meir om Seksjon for forsking og innovasjon på heimesidene våre Fag og forsking ved Haukeland universitetssjukehus Om forsking - Helse Vest

Kvalifikasjonar

· Høgare helsefagleg utdanning med doktorgrad, oppnådd professorkompetanse er ønskeleg

· Leiarkompetanse og erfaring frå personalleiing er ønskeleg

· Erfaring frå strategi- og målarbeid

· Erfaring frå forvalting, erfaring med forbetringsarbeid og tverrfagleg prosjektarbeid er ønskeleg

· Erfaring frå klinisk arbeid i sjukehus med god innsikt i utviklingstrekk innan helse

· Erfaring frå arbeidsområda i seksjonen, erfaring frå leiing av forskingsprosjekt er ønskeleg

· Relevant og godt nettverk, lokalt, nasjonalt og internasjonalt

· God munnleg og skriftlig formuleringsevne på norsk og engelsk

Utdanningsnivå

· Høgskule/universitet, doktorgrad

Personlege eigenskapar

· Synleg, involverande og motiverande leiar som set tydeleg retning

· Strategisk og analytisk med god organisasjonsforståing

· Kommuniserer godt, bidreg til god samhandling og godt samarbeid

· Er opptatt av å skape nyttige nettverk

· Gjennomføringskraft

· Finn fleksible og innovative løysingar på tvers av fag, institusjonar og einingar

Vi tilbyr

· Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit levande kompetansemiljø

· Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar

· Lønn etter avtale

Ref. nr.: 3999128664

Søk på stillingen