Ledig stilling ved Diku

Seniorkonsulent / rådgivar - vikariat (Seksjon for økonomi)

Søknadsfrist: 25.08.2019

Om stillinga

Diku har ledig eit vikariat i 100 % stilling som seniorkonsulent/rådgivar, for tida ved Seksjon for økonomi, som følgje av avvikling av permisjon. Vikariatet varer frå 01.10.2019 til 30.09.2020. Kontorstad er Bergen.

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremjar utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet, og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 125 tilsette med hovudkontor i Bergen, samt kontor i Tromsø og Brussel.

Seksjon for økonomi har i dag 11 fast tilsette og er knytt til Avdeling for styring og samordning. Stillinga har arbeidsoppgåver innanfor Diku si økonomiforvaltning, rekneskap og generell transaksjonshandsaming. Arbeidet er organisert slik at det skal vere overlapp mellom oppgåver med andre økonomimedarbeidarar.

Vi søkjer ein sjølvstendig og fagleg dyktig person som er systematisk og nøyaktig, og som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi legg særleg vekt på at kandidaten er godt eigna og motivert for stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • prosjektøkonomi, til dømes kontroll av tildelte midlar og innsendte rekneskap, system-/bilagskontroll, kontroll av kontraktspartar (Erasmus+) og prosjektbudsjett/-rapportering
  • kontakt med institusjonar som deltek i utdanningsarbeid
  • ekstern rapportering (tertial- og årsrapportering)
  • budsjettprosessar
  • andre driftsoppgåver som fakturabehandling og daglege rekneskapsoppgåver

Krav til kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på bachelornivå og/eller tilsvarande realkompetanse, helst innan økonomi- og rekneskapsområdet
  • relevant erfaring innan økonomi- og rekneskapsområdet
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring med bruk av ulike økonomisystem (helst UBW og Basware)
  • erfaring med økonomistyring og kontroll, helst frå offentleg forvaltning
  • erfaring med utvikling av rutinar
  • erfaring med opplæring

Vi tilbyr

  • interessante og faglege utfordringar
  • eit uformelt arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar frå Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Generell informasjon

Diku er IA-verksemd. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillinga vert lønna som seniorkonsulent (kode 1363) eller rådgivar (kode 1434) innanfor lønsspenn kr 504 700 – 573 100, etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere, til å søkje jobb hos oss.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Svanhild Solhaug på tlf. 977 78 750

Vidare kan ein vende seg til HR-rådgivar Grethe Isdahl på tlf. 416 39 559, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS