Stilling:

Vikariat som rådgivar / seniorrådgivar (Avdeling for utredning og analyse)

Søknadsfrist 3. februar 2019

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 120 tilsette og har hovudkontor i Bergen, samt virke i Tromsø.

Då ein av våre tilsette har tatt ei spanande stilling i utlandet, utlyser Diku eit vikariat i 100 % stilling som rådgivar/seniorrådgivar i Avdeling for utredning og analyse. Vikariatet varer fram til 31. juli 2020. Tilsetjing snarast og seinast 1. mai 2019.

Avdeling for utredning og analyse jobbar aktivt med å styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til kvalitet og kvalitetsutvikling i høgare utdanning og tar hand om analyseoppgåver på internasjonaliseringsfeltet for heile utdanningssektoren. Avdelinga bidrar med rådgjeving til Diku si leiing, samt styresmakter og utdanningssektoren. Avdelinga tel i dag 9 faste medarbeidarar og blir leia av ein avdelingsdirektør.

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte. Alle medarbeidarar vil m.a. delta i arbeidet med kartleggingar og analysar, medverke til utgreiingar og rapportar samt delta i utviklingsarbeid. Skriftleg og munnleg formidling inngår som ein viktig del av arbeidsoppgåvene. Arbeidet vil i mange tilfelle vere prosjektorganisert, og den som vert tilsett må kunne delta i fleire og ulike prosjekt samtidig.

Vi søkjer kandidatar med analytiske evner, som er systematiske og nøyaktige, har gode kommunikasjonsevner, og som evnar å arbeide sjølvstendig så vel som i team. Noko reising må påreknast. Vi legg særleg vekt på at kandidatane er godt eigna til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i utgreiings-, analyse- og utviklingsoppgåver knytt til kvalitetsutvikling i utdanning
  • Halde seg oppdatert på trendar og utvikling på fagfeltet, nasjonalt og internasjonalt
  • Bidra til resultat- og effektanalysar knytt til Diku si verksemd
  • Bidra til kunnskapsbaserte innspel til politikkutvikling innanfor organisasjonen sitt arbeidsfelt
  • Vedlikehalde og utvikle samarbeid med nasjonale og internasjonale organisasjonar
  • Formidle kunnskap og resultat frå verksemda

Krav til kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse
  • Erfaring frå utgreiingsarbeid og/eller forsking
  • Erfaring frå prosjektarbeid
  • God kjennskap til utdanningssektoren
  • God samfunnsvitskapleg metodekunnskap
  • Særs gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Kompetanse på og erfaring frå statistisk analyse
  • Kjennskap til/erfaring frå analytisk arbeid med utdanning og utdanningskvalitet
  • Erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi tilbyr

  • Eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • Høve til opplæring og fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • Høve til trening i arbeidstida

Diku er IA-verksemd. Dei som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillingane. Innhaldet i stillingane kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillingane vert lønna som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) innafor lønsspenn kr 524 200 - kr 658 300. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Trekk til pensjonstilskott i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad reflektere mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i befolkninga og samla kompetanse. Vi oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring til å søke.

Dersom søkar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i så fall bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir imøtekome, Jf. Offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik, tlf. 950 25 153 eller
  • Rådgivar Grethe Isdahl, tlf. 416 39 559

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggjast inn via link på denne sida (Jobbnorge).

Søknadsfrist: 3. februar 2019

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS