Ledig stilling i Diku

Rådgivar / seniorrådgivar (Seksjon for skole og profesjonsutvikling)

Søknadsfrist 24.03.2019

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er


Kunnskapsdepartementet og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 120 tilsette og har hovudkontor i Bergen, samt virke i Tromsø.

Om stillinga

Diku søkjer ein rådgivar/seniorrådgivar i fast 100 % stilling i Seksjon for skole og profesjonsutvikling, med Bergen som arbeidsstad. Tiltreding etter nærmare avtale.

Diku administrerer ei rekkje program for kvalitetsutvikling og internasjonalt samarbeid på vegne av ulike oppdragsgjevarar, og skal bidra til styrka internasjonalt samarbeid og utveksling i heile utdanningsløpet. Seksjon for skole og profesjonsutvikling har i dag 16 fast tilsette og er knytt til Avdeling for kunnskap og læring. Seksjonen si verksemd omfattar verkemiddel som skal bidra til å utvikle barnehage, skule, vaksenopplæring og lærarutdanningane. Seksjonen har òg ansvar for individuell rekruttering av elevar og studentar til studiar i utlandet.

Stillinga er knytt til seksjonen sine oppgåver for internasjonalt samarbeid, og vil særleg vere knytt til arbeidet med Erasmus+. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og omfatte utlysing og tildeling av midlar, oppfølging, fagleg rådgjeving og resultatformidling. Kontakt med skuleeigar og skuleleiarar, samt utgreiing, analyse og formidling av effekt og resultat vil òg stå sentralt. Arbeidskvardagen vil såleis bestå av ein interessant kombinasjon av administrativt arbeid og utviklingsarbeid. Den tilsette må kunne representera Diku i ulike fora og noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.

Vi søkjer ein kandidat som er analytisk, systematisk og utviklingsretta, som kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre, har gode kommunikasjonsevner og er ein god relasjonsbyggar. Vi legg særleg vekt på at kandidatane er godt eigna.

Arbeidsoppgåver

  • utvikling og forvaltning av ulike program, spesielt Erasmus+
  • gjennomføring av utlysing og søknads- og rapporteringsrundar
  • evalueringsarbeid, oppfølging av prosjekt og fagleg rådgjeving
  • bidra til styrking og spreiing av resultat
  • nettverksbygging og tett kontakt med sentrale aktørar i sektoren

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning på masternivå eller tilsvarande realkompetanse 
  • relevant arbeidserfaring 
  • god kjennskap til norsk grunnopplæring
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 
  • god digital kompetanse 
  • god formidlingsevne 

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring frå skuleleiing, kompetanse- og skuleutvikling
  • erfaring frå arbeid i lærarutdanninga og styrking av lærarprofesjonen
  • erfaring frå offentleg forvaltning 
  • kjennskap til internasjonalt utdanningssamarbeid 
  • erfaring frå prosjektleiing og programadministrasjon 
  • erfaring frå analytiske oppgåver 
  • god forståing for politiske prosessar

Vi tilbyr

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Generell informasjon

Diku er IA-verksemd. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillingane vert lønna som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) innanfor lønsspenn kr 524 200 - kr 658 300, etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast. Trekk til pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, samt hol i CV til å søkje jobb.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vart varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova §25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Kristin Amundsen, tlf. 95 84 19 33

Vidare kan ein og vende seg til seniorrådgivar Irene Laumann Walde, tlf. 901 56 296, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Søk på stillingen