Ledig stilling i Diku
Kommunikasjonsrådgivar
Søknadsfrist 24.03.2019
Om stillinga
Diku har ledig ei fast nyoppretta stilling som rådgivar/seniorrådgivar i Avdeling for kommunikasjon, med kontorstad i Bergen. Tiltreding etter nærmare avtale.
Vi søkjer ein skrivefør og erfaren medarbeidar som skal produsere innhald i ulike kanalar, samt gjere andre kommunikasjonsoppgåver på avdelinga. Vi ønskjer ein sjølvstendig person som er systematisk og har gode samarbeidsevner. Kandidaten må kunne representere Diku i ulike fora, så noko reising må påreknast. Vi ligg særleg vekt på at kandidaten er godt eigna for stillinga.
Avdeling for kommunikasjon i Diku har åtte faste medarbeidarar og er leia av ein avdelingsdirektør. Avdelinga har ansvar for intern og ekstern kommunikasjon i Diku, og har mellom anna ansvar for formidling, nettsider og marknadsføring av Diku sine program og ordningar, og då særleg Senter for fremragende utdanning og Erasmus+.
Arbeidsoppgåver
- bruke tekst, bilde og video til å lage innhald til Diku sine kommunikasjonskanalar
- formidle resultat frå Diku sine program og ordningar
- kontakt med norsk utdanningssektor og andre relevante samarbeidspartnarar
- vidareutvikle og evaluere kommunikasjonstiltak på avdelinga
- anna kommunikasjonsfagleg arbeid i avdelinga, samt bidra til høg fagleg kvalitet i kommunikasjonsarbeidet i Diku
Kvalifikasjonskrav
- utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse
- erfaring frå kommunikasjonsarbeid, særleg innan tekstproduksjon
- erfaring med prosjekt- og planarbeid
- særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
Ønska kvalifikasjonar
- erfaring frå videoproduksjon
- kjennskap til norsk utdanningssektor
- erfaring frå offentleg forvaltning
- kjennskap til internasjonalt utdanningssamarbeid
Vi tilbyr
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til opplæring og fagleg utvikling
- fleksibel arbeidstidsordning
- gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- høve til trening i arbeidstida
Generell informasjon
Diku er IA-verksemd. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.
Stillinga vert lønna som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) innanfor lønsspenn kr 524 200 – kr 658 300, etter kvalifikasjonar. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.
Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, samt hol i CV-en, til å søkje jobb.
Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vart varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
- Avdelingsdirektør Kristin Solheim, tlf. 93 22 85 73
Vidare kan ein og vende seg til HR-rådgivar Anette Stevnebø, tlf. 414 45 511, for generelle spørsmål om stillinga.
Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).