Ledig stilling ved Bioteknologirådet

Direktør

Søknadsfrist: 30.09.2019

Som direktør i Bioteknologirådet får du eit unikt høve til å arbeide i skjeringspunktet mellom bioteknologi, genteknologi, forsking, politikk og etikk, og til å byggje opp eit miljø i Bergen.

Vi søkjer ein direktør som

Bioteknologirådet

Bioteknologirådet er eit frittståande, rådgjevande organ oppnemnt av Regjeringa. Seinast frå 1. januar 2021 skal rådet vere lokalisert i Bergen. Rådet er organisert som eit eige forvaltingsorgan og er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i administrative spørsmål. Verksemda i sekretariatet er styrt av prioriteringane rådet gjer.

Bioteknologirådet skal kome med informasjon til publikum og forvaltinga, og fremje ordskifte kring dei etiske og samfunnsmessige konsekvensane ved bruk av moderne bioteknologi.

  • har interesse for etiske problemstillingar
  • skal vere ein fagleg ressurs for rådet
  • har gode evner til strategisk tenking
  • kan kombinere solid fagkunnskap med gode kommunikasjonsevner
  • har god forståing for rolla rådet spelar, og har høg personleg integritet
  • er med på å informere om – og kan skape ordskifte om – bruken av moderne bioteknologi
  • har gode samarbeidsevner og som byggjer gode samarbeidsrelasjonar med relevante fagmiljø, sektoren og media
  • tek ansvaret for den daglege drifta av Bioteknologirådet
  • vil vere ansvarleg redaktør for nettsidene til rådet

Vi søkjer ein direktør med desse kvalifikasjonane

  • utdanning innanfor relevante fagområde, gjerne på doktorgradsnivå
  • kan dokumentere gode leiareigenskapar
  • erfaring frå eit eller fleire av dei relevante fagfelta
  • brei samfunnsforståing og innsikt i politiske prosessar
  • høg kjennskap til moderne bioteknologi og utfordringane på området
  • erfaring med mediekontakt og formidlingsarbeid
  • erfaring og/eller god kjennskap frå internasjonalt samarbeid og prosesser på området

For meir informasjon, ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med:

  • Liv S. Bøe, Amrop Delphi, 23 33 27 70

For ytterligare informasjon kan ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet Espen Aasen, tlf. 22 24 86 17 kontaktast.

Søknad med CV merket A002763 sendast til kontakt@amropdelphi.no så snart som råd innan 30. september 2019.

Etter at søknadsfristen er ute, vert det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at dersom du har ønske om unnatak frå offentleggjering, må du grunngje dette og leggje ved søknaden. Søkjarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel førast opp på søkjarlista. I så fall vert søkjaren varsla før offentleggjering.

Søk på stillingen

Hjemmeside: www.bioteknologiradet.no

Spørsmål om stillingen

  • Liv S. Bøe (Konsulent - Amrop Delphi), 23 33 27 70
  • Espen Aasen (Ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet), 22 24 86 17
Powered by Labrador CMS