Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Spesialbibliotekar

Søknadsfrist: 26.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei 100 % fast stilling som spesialbibliotekar (stillingskode 1515 spesialbibliotekar). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for humaniora. Stillinga er ledig frå 1.8.20, tiltreding etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fjernlånstenesta
  • Ansvar for bruk og oppfølging av bibliotekteknisk utstyr ved UB
  • Delta i øvrige oppgåver knytt til dokumentlevering, samt i førstelinetenesta fysisk og digitalt
  • Vere pådrivar i effektivisering og fornying av arbeidsprosessar
  • Bidra til utvikling av tenester som gir ein auka verdi for UBs brukargrupper og UiBs kjerneverksemd

Den som vert tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan bibliotek- og informasjonsfag på minst bachelornivå, eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning i kombinasjon med relevant praksis
  • Gode IKT-kunnskapar er naudsynt
  • Relevant arbeidserfaring frå biblioteksektoren er ein føremon
  • Kjennskap til biblioteksystemet ALMA/Oria er ein føremon
  • Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk

Eigenskapar:

  • Du er initiativrik, fleksibel og omgjengeleg med gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Du er handlekraftig, løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du er endringsvillig, nytenkande og serviceorientert

Ved vurdering av søkarane vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
  • Løn som spesialbibliotekar etter lønssteg 53 – 59 (kode 1515) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 471 600 – kr. 522 800. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Trude Færevaag, tlf: 55 586683 (kontor), 478 04 626 (mobil), e-post trude.ferevaag@uib.no, eller
  • Hovudbibliotekar Anne Bjørkum Åsmul, tlf: 55 582524 (kontor), mobil: 952 69 234, e-post anne.asmul@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS