Stilling:

Hovudbibliotekar

Søknadsfrist 10.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Hovudbibliotekar

Ved UB er det ledig 100 % fast stilling som hovudbibliotekar (kode 1077). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for juridiske fag ved Det juridiske fakultet. Hovudbibliotekaren er fagleg leiar ved dette biblioteket og rapporterer til UB’s seksjonsleiar for bibliotektenester.

Arbeids- og ansvarsoppgåver:

  • Arbeidsleiing med ansvar for dagleg drift og utvikling av biblioteket sine tenester og rutinar
  • Utvikling og profilering av biblioteket som ein formidlingsarena
  • Utvikling av det fysiske læringsmiljøet
  • Deltaking i digitaliseringsprosessar
  • Deltaking i biblioteket si kurs- og undervisningsverksemd
  • Deltaking i biblioteket si førstelinjeteneste
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Den som vert tilsett kan vere pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Bibliotekfagleg utdanning på master- eller bachelornivå i kombinasjon med relevant praksis
  • Relevant leiarerfaring
  • Gode IT-kunnskapar er ein fordel
  • Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk

Eigenskapar:

  • Du har god evne til å lytta og motivera medarbeidarar
  • Du har gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Du er ein tydeleg person som legg til rette for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er sjølvstendig, målretta, handlekraftig og løysingsorientert
  • Du har gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilling
  • Du har stor arbeidskapasitet, energi og kreativitet

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
  • Løn som hovudbibliotekar etter lønssteg 53- 67 (kode 1077) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 464 400 – kr. 597 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Trude Færevaag, tlf: 55 586683 (kontor), 47804626 (mobil), e-post trude.ferevaag@uib.no , eller
  • Hovudbibliotekar Sigrid Kvarekvål, tlf.: 55 582544 (kontor), e-post sigrid.kvarekval@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS