Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Bibliotekar

Søknadsfrist: 01.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særlig vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Ved Universitetsbiblioteket er det ledig ei fast 100% stilling som bibliotekar (kode 1410). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for tilvekst og system, faggruppe for system.

Faggruppa for system jobbar med drift, konfigurasjon og vidareutvikling av biblioteksystema Universitetsbiblioteket brukar, og elles digital studielitteratur og katalogarbeid.

Arbeidsoppgåver:

  • Digitalisering, metadataproduksjon, katalogarbeid
  • Drift og tilpassing av system
  • Brukaropplæring og brukarrettleiing (både internt og eksternt)
  • Delta i løpande driftsoppgåver knytt til seksjonens arbeid
  • Delta i verksemda elles, for eksempel publikumstenester

Den som vert tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Søkjarar må ha minst bachelorgrad med bibliotek- og informasjonsstudiar i fagkrinsen. I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast med relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
  • Det er ein fordel med kjennskap til biblioteksystem i universitets- og høgskulesektoren

Vi søkjer deg som:

  • Er lærevillig, kreativ og sjølvstendig
  • Kan arbeide målretta, effektivt og systematisk
  • Er serviceorientert og fleksibel
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn etter lønssteg 43 – 53 (kode 1410/LR 15.4-7) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 402 200 – kr. 471 600. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Marion Mühlburger, tlf. 55 58 68 95, epost: marion.muhlburger@uib.no eller
  • Fagleg leiar Ellen Solvik, tlf. 55 58 25 27, epost: ellen.solvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS