Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Spesialbibliotekar / Universitetsbibliotekar (Campus Bergen)

Søknadsfrist: 28.04.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Biblioteket, campus Bergen er det ledig ein stilling som spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar.

Om stillinga:Høgskulen på Vestlandet, Biblioteket har ledig ein 100% stilling som plasskoordinator ved biblioteket Bergen. Stillinga er knytt til bibliotekets eining for publikumstenester, og rapporterer til leiar for eininga.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime fag, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire einingar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar seks fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har et breidt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulens faglege profil og ambisjonar.

Ansvarsområdet omfattar både biblioteket Kronstad og biblioteket Møllendalsveien fram til samlokalisering av desse i løpet av få år. Den som vert tilsett vil få medansvar for å samkøyra og vidareutvikle bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campus. Stillinga vil medføre utstrakt dialog med publikum, og samarbeid med fagmiljø i HVL og innanfor høgskulebiblioteket.

Arbeidsplassen er campus Bergen.

Ansvar- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga er hovudsakleg:

  • Ansvar for dagleg drift og koordinering av publikumstenesta ved biblioteket Kronstad og biblioteket Møllendalsveien, seinare biblioteket Bergen
  • Ansvar for vaktplanar
  • Ansvar for system og teknisk utstyr i publikumstenesta
  • Ansvar for opplæring og oppfølging av bibliotekets ettermiddagsvakter og IT-hjelparar for studentar
  • Ansvar for det fysiske læringsmiljøet i biblioteket
  • Delta i bibliotekets fyrstelinjeteneste
  • Ansvar for utvikling av biblioteket som attraktiv formidlingsarena
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga er det stilt krav om følgjande formelle kompetanse:

  • For tilsetting som spesialbibliotekar krevst bachelorutdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap
  • For tilsetting som universitetsbibliotekar krevst utdanning på masternivå med bibliotekfag i kretsen
  • Relevant arbeidserfaring frå universitets- eller høgskulebibliotek blir vektlagt

Personlege eigenskapar:Vi søkjer etter ein fagleg engasjert medarbeidar som er utviklings- og resultatorientert, serviceinnstilt, initiativrik, fleksibel, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og føreset god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Relevant arbeidserfaring og personleg egnethet vert vektlagt.

Det er i tillegg ynskjeleg med gode it-kunnskapar og digital kompetanse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode Spesialbibliotekar – 1515 / Universitetsbibliotekar – 1199.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Turid Bogetvedt Hitland, telefon +47 55 58 55 44

2) Einingsleiar, Eining for publikumstenester Astrid Sandnes, telefon +47 57 67 60 83

Søk stilling

Powered by Labrador CMS