HØGSKULEN I VOLDA HAR EN LEDIG SPENNENDE STILLING!

Biblioteksjef – st.nr.58/21

Søknadsfrist: 02.12.2021

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Vil du vere med å forme framtidas høgskulebibliotek?

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda er det ledig 100 % fast stilling som biblioteksjef frå 01.02.2022.

Biblioteket ved Høgskulen i Volda leverer kunnskapstenester og forskingsstøtte for 4000 studentar og 350 tilsette, og som biblioteksjef vil du ha både det faglege og administrative leiaransvaret for høgskulebiblioteket. Biblioteksjef rapporterer til høgskuledirektør og er ein del av høgskulen si administrative leiargruppe.

Vi søkjer ein positiv og fagleg engasjert biblioteksjef som vil vere ein pådrivar i utviklinga av eit moderne og framtidsretta bibliotek.

Biblioteket er ein sentral støttefunksjon for eit godt lærings- og forskingsmiljø, og har eit tett samarbeid med studentar og fagtilsette. Biblioteket har innbydande lokale med meirope-ordning og ein læringsverkstad for digital utvikling. Vi arbeider aktivt med å skape eit inspirerande læringsmiljø og utvikle gode tilbod innan informasjonskompetanse, akademisk skriving og forskarstøtte. Biblioteket har for tida elleve tilsette og fire studentvakter.

Kvalifikasjonar

Du har høgare utdanning, helst på masternivå. Bibliotekfagleg utdanning eller erfaring er ein fordel. Anna relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning og bibliotekfagleg bakgrunn.

Det er ønskeleg at du har leiarerfaring, og personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Du er engasjert, inspirerande, strukturert, løysingsorientert, og du har evne til å bygge tillit og motivere dei rundt deg. Du ser heilheita, er tydeleg, tek ansvar og har stor gjennomføringsevne

God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel. Du må ha inngåande kjennskap til digitale verktøy og arbeidsflytar, og gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Arbeidsoppgåver

Biblioteksjef deltek i både administrativ og fagleg utvikling, og det er forventa at leiarar ved Høgskulen i Volda bidreg både på det strategiske og det operasjonelle plan.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere

  • Strategisk utvikling av biblioteket. Initiere endringar som bidreg til at HVO når sine overordna mål innan utdanning, forsking og formidling.
  • Syte for at biblioteket leverer oppdaterte tenester av høg kvalitet.
  • Leie personalet, og syte for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
  • Ansvar for økonomi og god ressursbruk.
  • Synleggjere biblioteket sine tenester, og syte for eit godt samarbeid med fagmiljø, studentmiljø, leiing og administrasjon ved Høgskulen.
  • Utvikle og ta del i nasjonale nettverk med tilsvarande institusjonar

Arbeidsoppgåver og ansvar kan bli endra.

Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling.

  • Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som biblioteksjef (stillingskode 1211 seksjonssjef) er plassert i lønnstrinn 69-76 etter ansiennitet og kompetanse. I særlege tilfelle kan noko høgare lønn vurderast.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen på telefon 70 07 54 26 / 99 57 57 44 eller
  • Avtroppande biblioteksjef Mona Iren Auganæs på telefon 70 07 53 71

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS