Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør (50 %, vikariat) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 02.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, forskingsgruppe ved Hormonlaboratoriet, er det ledig eit vikariat som avdelingsingeniør (50 %) frå 17. februar 2020 - 31. desember 2020. Ved Hormonlaboratoriet si forskingsgruppe, Haukeland Universitetssjukehus (Helse Bergen), er det samstundes ledig eit vikariat som spesialingeniør (50 %) frå 17. februar 2020 - 31. desember 2020. Det er ei føresetnad at dei to vikariata vert besett av same person.

Arbeidsoppgåver:

Forskingsgruppa ved Hormonlaboratoriet arbeider med molekylær endokrinologi med fokus på fedme, diabetes og brystkreft.

Hovudoppgåva for stillinga er knytt til ansvar for biokjemiske og molekylærbiologiske analyser av vevs- og celleprøver både frå biobankar og eksperimentelle modellsystem. Tilsette vil også få et overordna og sjølvstendig ansvar for oppgåver relatert til drift av forskingsgruppa, og teknisk opplæring av nyansatte og studentar.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i relevant fag (biomedisin, molekylærbiologi eller ernæring). Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • Må ha erfaring med cellekultur og ulike molekylærbiologiske metodar
  • Erfaring og kompetanse innan arbeidsområda til forskargruppa vil verte vektlagt

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) i lønssteg 51-53 (for tida kr 456 400- 472 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jørn V. Sagen, tlf.: 55 97 43 96 eller e-post: Jorn.Sagen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS