LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Utviklar ved IT-avdelinga

Søknadsfrist: 15.06.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.

Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet har ledig stilling som utviklar ved IT-avdelinga, Seksjon for tenesteutvikling.

Seksjonen er ein viktig bidragsytar for IT-avdelinga sin ambisjon om å levere intuitive, relevante og kostnadseffektive tenester for utdanning, forsking og administrasjon.

Ei av oppgåvene til seksjonen er mellom anna utvikling og forvalting av verksemda si plattform for prosesstøtte (ServiceNow). Dette er kjernen i IT-avdelinga sine ITIL-baserte prosessar og universitetet si satsing på digitalisering av administrative prosessar.

Vi søker etter deg som har ferdigheiter, interesse og ønske om å jobbe med utvikling av framtidsretta digitale tenester for studentar og tilsette. Stillinga kan passe for deg som er nyutdanna eller som har noko arbeidserfaring som utviklar.

Hovudoppgåver

  • utvikle, tilpasse og vedlikehalde digitale løysingar, i hovudsak på ServiceNow-plattforma
  • estimering og planlegging i samband med ønsker om vidareutvikling
  • tilpasse/utvikle integrasjonar
  • delta i utviklingsprosjekt i tilknyting til ServiceNow-løysingane ved universitetet
  • innhenting og avklaring av brukarhistorier/brukarkrav
  • vedlikehald av rutinar, drifts- og systemdokumentasjon
  • kontinuerleg forbetringsarbeid i seksjonen og i IT-avdelinga generelt.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på fortrinnsvis masternivå, med hovudvekt på IKT
  • fagleg dokumentert kompetanse innanfor utvikling
  • gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og arbeider godt i team

Det er ønskeleg at den som vert tilsett også har kjennskap til:

  • informasjonssikkerheit og GDPR
  • prosjektmetodikk, tenestedesign og ITIL
  • moderne webfrontend teknologiar og Javascript-rammeverk som f.eks. Angular
  • datautveksling/grensesnitt som f.eks. REST APIer
  • relasjonsdatabasar som f.eks. MS SQL

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er motivert til å ta tak i nye utfordringar på strak arm
  • har evne til å skapa gode relasjonar til personar på alle nivå i og utanfor eigen avdeling
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1085, kr 480,000 - 580,000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • IT-direktør Sjur Bjerke, e-post: sjur.bjerke@uis.no eller til
  • Seksjonsleiar Sigrid Dale, tlf: 51 83 11 02, e-post: sigrid.dale@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: annette.f.loth@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdigheiter registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg til søknaden. Vedlegg må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi ber søkarar vere merksame på at opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlig tilgjengeleg sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrerte i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS