LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

IT-sikringsstillingar ved IT-avdelinga (fast tilsetting i prosjekt)

Søknadsfrist: 17.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen søker deg som er opptatt av IT-sikkerheit, som trivst med operativt å identifisere og løyse utfordringar med sikring av system og einingar på nett.

Ved IT-avdelinga, Seksjon for digitale tenester vert det no etablert eit prosjekt for sikring av forskingssystem og i samband med dette er det ledig to faste stillingar som avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør knytt til lokalisering, identifisering og sikring av usikkert utstyr på nett.

IT-sikkerheit vert stadig viktigare og trusselbildet utvidar seg stadig. Universitetet i Bergen har svært mykje lokalt drifta utstyr, både vitskapleg utstyr og meir tradisjonelt datautstyr, der IT-avdelinga no skal få sikra dette mot trusselaktørar.

Oppgåver og kompetanse:

Du som skal avsettast i ein av desse to stillingane må ha god kompetanse på IT-sikkerheit. Port- og nettverksscanning sit i fingrane og du veit kordan du skal identifisere ei nettverksteneste og kva som skal til for at denne er sikker. Du er trygg og røynd i scripting, anten Linux shellscript eller Powershell og kan bruke dette eller andre verktøy for å analysere data frå nettverk eller APIar.

Prosjektet skal ha dekka fleire kompetansefelt og fleire roller, så det er høve for personar med svært variert IT-bakgrunn og -erfaring å søkje. Me treng at du har god kjennskap til og kompetanse innan eit eller fleire av fagområda:

  • Nettverk
  • Internet of Things (IOT)
  • Windows serverdrift
  • Linux serverdrift
  • Integrasjonar og APIar

Di evne til å fungere i team og i dialog med brukarar frå alle fagområde er viktig. Du er sjølvstendig, men fungerer godt i samspel med andre og kommuniserer godt munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk. Du er strukturert og ryddig, og kan arbeide innanfor etablerte rapporteringsrutinar.

Du har IT-fagleg bakgrunn på minst Bachelor-nivå. Lang røynsle kan kompensera for manglande utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900-483 700) i det statlege lønsregulativet, overingeniør (kode 1087) lønssteg 53 - 66 (for tida kr 483 700- 604 700) eller senioringeniør (kode 1181) lønssteg 58 – 68 (for tida 524 900-626 100) avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Om IT- avdelinga:

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.

Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Underdirektør og seksjonsleiar Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46 47 46 44) eller
  • Prosjektleiar Bjørn Tore Sund (bjorn.sund@uib.no)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS