LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Brukarstøtte og prosjektadministrasjon ved IT-avdelinga – fast tilsetting i prosjekt

Søknadsfrist: 16.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Brukarstøtte og prosjektadministrasjon ved IT-avdelinga – fast tilsetting i prosjekt

Om IT-avdelinga:IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar.

Om stillingen:

IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen søker deg som er interessert i IT-sikkerheit, som trivst i dialog med brukarar av IT-tenester og som er strukturert og serviceorientert.Ved IT-avdelinga, Seksjon for digitale tenester vert det no etablert eit prosjekt for sikring av forskingssystem og i samband med dette er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør innan brukarstøtte og prosjektadministrasjon for prosjektet.IT-sikkerheit vert stadig viktigare og trusselbildet utvidar seg stadig. Universitetet i Bergen har svært mykje lokalt drifta utstyr, både vitskapleg utstyr og meir tradisjonelt datautstyr, der IT-avdelinga no skal få sikra dette mot trusselaktørar.

Arbeidsoppgåver:

Du som skal fylle denne rolla vert på mange måtar eit nav i det planlagde prosjektet og skal gi støtte til prosjektleiar med gjennomføring og oppfølging av møter og aktivitetar mot fagmiljøa. Du skal handtere henvendingar til prosjektet og sende desse videre i linja på IT-avdelinga eller syte for at dei vert handtert i prosjektet når det er naudsynt.

Det er ei stor føremon med noko kunnskap om IT-sikkerheit, at du er god på å formidle IT-tekniske tema til folk utan IT-bakgrunn og flink til å fange behov som kommuniserast frå desse. Om du kan vise til røynsle med dette er det sannsynleg at du er rett person til stillinga. Noko kjennskap til prosjektstyring er og ei føremon, men her vil opplæring bli gitt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du har IT-fagleg bakgrunn på minst Bachelor-nivå. Lang røynsle innan relevante fag eller god kjennskap til UIB og IT-avdelinga kan kompensera for manglande utdanning.
  • Di evne til å fungere i team og i dialog med brukarar frå alle fagområde er viktig.
  • Du er sjølvstendig, men fungerer godt i samspel med andre og kommuniserer godt munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk.
  • Du er strukturert, ryddig og kjenner enten organisering og rutinar ved UiB og IT-avdelinga godt eller evner å sette deg raskt inn i dette.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085)i lønssteg 47-53 (for tida kr. 439 900 - 483 700), overingeniør (kode 1087) lønssteg 53 - 66 (for tida kr 483 700 - 604 700), eller senioringeniør (kode 1181) lønssteg 58 – 68 (for tida 524 900 - 626 100)) i det statlegelønsregulativet avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Bjørn Tore Sund (bjorn.sund@uib.no, mobil 91 86 80 75) eller
  • Underdirektør og seksjonsleiar Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46 47 46 44)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS