Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør (Institutt for biovitenskap)

Søknadsfrist: 01.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør knytt til den nyoppretta forskingsgruppa i Djuphavsbiologi. Forskingsgruppa har hovudfokus på djuphavs økosystem i Nord-Atlanteren og femner mellom anna om fagområda økologi, biosystematikk, symbiosar, populasjonsgenetikk og oseanografi. Dei første to åra er stillinga knytt til prosjektet «SponGES – Deep-sea Sponge Ground Ecosystems of the North Atlantic: an integrated approach towards their preservation and sustainable exploitation» finansiert av EUs forsknings- og innovasjonsprogram Horizon2020. Stillinga vil vidare i hovudsak vere knytt opp mot andre pågåande prosjekt innan gruppa og opp mot fellesoppgåver knytt til laboratoriedrift og undervisning.

Ved instituttet er det ei ordning med beredskapsvakt for Levendedyrlaboratoria. Den som vert tilsett, må vere budd på å delta i vaktlaget for denne ordninga.

Arbeidsoppgåver:

  • Laboratoriearbeid som omfattar identifikasjonsarbeid og morfologiske studiar av botnlevande djuphavsorganismar (med særleg fokus på svampar og organismar knytte til varme og kalde kjelder i djuphavet)
  • Tokt/feltarbeid (inkludert førebuing, gjennomføring og etterarbeid)
  • Kuratering av prøvar (organisering, registrering og tilrettelegging av forskingsmateriale)
  • Bistå studentar og forskarar i gruppa med laboratorieanalysar og tilrettelegging av data heilt frå innsamling og fram til publisering i vitskaplege tidskrift
  • Stillinga vil kunne ha fellesoppgåver for instituttet knytt til laboratoriedrift og undervisning

I periodar må ein rekne med arbeid i helg/utanfor vanleg arbeidstid. Arbeidsoppgåvene for tekniske stillingar ved instituttet vil kunne endre seg over tid etter behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad innan marin biodiversitet/marin biosystematikk eller nærliggjande fagfelt som er relevante for stillinga.
  • God erfaring frå arbeid med identifikasjon av marine djupvassevertebratar, med hovudvekt på svampar og organismar knytte til kjelder i djuphavet, er eit krav
  • Allsidig erfaring frå planlegging og gjennomføring av tokt, inkludert handtering av innsamlingsreiskap, er eit krav
  • Erfaring med organisering og tilrettelegging av forskingsmateriale eller vitskapelege samlingar er ein føremon
  • Søkjarar må ha erfaring med standard metodar innan mikroskopi og histologi som er relevante for stillinga
  • Erfaring med foto og biletbehandling er ein føremon
  • Tidlegare erfaring frå undervisning/undervisningsassistanse, til dømes feltkurs, er ein føremon
  • Det er krav om gode engelsk- og norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • løysnings- og resultatorientert i tråd med krava for ulike oppgåver og ansvarsområde
  • evne og vilje til å løyse tekniske/metodiske utfordringar, handtere utfordringar og løyse komplekse problemstillingar raskt og effektivt
  • evne til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver
  • det vert lagt særleg vekt på engasjement og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 51- 55 (kode 1085/LR 22) i det statlege lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 449 400 – 480 600
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent og tverrfagleg miljø
  • Tilknyting til ei aktiv, fagleg utfordrande og sosialt velfungerande forskingsgruppe
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrakt kontakt med andre fagmiljø

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Hans Tore Rapp, Institutt for biovitenskap, tlf: +47 55584413/+47 91367187/ e-post: hans.rapp@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS