Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Avdelingsingeniør - Klinisk institutt 2
Søknadsfrist: 22.08.2019
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei 100% fast stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er eksternt finansiert, og er for tida knytt til prosjektet Oral and Environmental Microbiome, Endotoxin and Lung Health; the United Airways concept extended. Prosjektet har ei førebels finansiering til august 2023 frå Noregs Forskingsråd.
Arbeidsoppgåver:
- Vedlikehalde og oppdatere metadatabase for forskingsdata og biobank
- Bidra til vidareutvikling av databaser knytt til behandling av sensitive forskingsdata
- Datauttrekk og kopling av datafiler frå forskjellige kjelder (her under registerdata)
- Redigering av webside
- Statistikk og rapportering
- Prosjektkoordinering
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjar må ha (relevant) bachelor grad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet
- relevant praksis er eit krav
- erfaring med Excel og STATA er påkravd
- gode analytiske eigenskapar
- digital kompetanse
- erfaring med nettsideløysingar vil vere ein fordel
- erfaring med databasar og moderne databaseteknologiar vil verte vektlagt
- må beherske norsk, munnleg og skriftleg
Vi søkjer ein person som
- har gode kommunikasjonseigenskapar
- har evne og ynskje til å tileigne seg nye digitale ferdigheiter
- er tolmodig og grundig i si planlegging og utvikling av løysingar
- er mottakeleg og ope for andre sine meiningar og behov
- tar initiativ til å kan utvikle nye eller utbetre eksisterande databaser
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) i lønssteg 51-53 (for tida kr 456 400 – 472 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga:
- avdelingsingeniør skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- instituttleiar kan pålegge avdelingsingeniør arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Forskar Randi J Bertelsen, e-post: randi.j.bertelsen@uib.no, telefon (mobil): 99674046
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.