Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 22.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei 100% fast stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er eksternt finansiert, og er for tida knytt til prosjektet Oral and Environmental Microbiome, Endotoxin and Lung Health; the United Airways concept extended. Prosjektet har ei førebels finansiering til august 2023 frå Noregs Forskingsråd.

Arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehalde og oppdatere metadatabase for forskingsdata og biobank
  • Bidra til vidareutvikling av databaser knytt til behandling av sensitive forskingsdata
  • Datauttrekk og kopling av datafiler frå forskjellige kjelder (her under registerdata)
  • Redigering av webside
  • Statistikk og rapportering
  • Prosjektkoordinering

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha (relevant) bachelor grad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • relevant praksis er eit krav
  • erfaring med Excel og STATA er påkravd
  • gode analytiske eigenskapar
  • digital kompetanse
  • erfaring med nettsideløysingar vil vere ein fordel
  • erfaring med databasar og moderne databaseteknologiar vil verte vektlagt
  • må beherske norsk, munnleg og skriftleg

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjonseigenskapar
  • har evne og ynskje til å tileigne seg nye digitale ferdigheiter
  • er tolmodig og grundig i si planlegging og utvikling av løysingar
  • er mottakeleg og ope for andre sine meiningar og behov
  • tar initiativ til å kan utvikle nye eller utbetre eksisterande databaser

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) i lønssteg 51-53 (for tida kr 456 400 – 472 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga:

  • avdelingsingeniør skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge avdelingsingeniør arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar Randi J Bertelsen, e-post: randi.j.bertelsen@uib.no, telefon (mobil): 99674046

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS