Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Utviklar (overingeniør / avdelingsingeniør)

Søknadsfrist: 21.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Utviklar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei fast stilling som overingeniør eller avdelingsingeniør, avhengig av kvalifikasjonane til den som vert tilsett. Stillinga er knytt til dei pågåande eksternt finansierte forskings- og undervisningsprosjekta ved instituttet.

Om prosjektet

Dei tre fyrste åra er stillinga knytt til prosjektet «ArtsApp: Korleis teknologi påverkar motivasjon og interesse for innlæring av biologiske arter». ArtsApp er eit forskings- og utviklingsprosjekt ved bioCEED (Senter for framifrå utdanning BIO), der vi utviklar og undersøker bruken av digitale hjelpemidlar i undervisninga på BIO.

Sentralt i dette er mobilapplikasjonen ArtsApp, som er eit verktøy for å identifisere biologiske artar, utvikla i samarbeid med Skolelaboratoriet i realfag og Artsdatabanken.

ArtsApp er ein kryssplatform-app for Android og iOS, bygd på React Native rammeverket. Den som vert tilsett får ansvar for vidareutvikling av mobilapplikasjonen og tilhøyrande webapplikasjon og backend webtenester.

Vi ser etter deg som meiner ny teknologi kan bidra til å gjere undervisninga både meir interessant og motiverande, og som ønsker å vere med og utvikle digitale komponentar ved undervisning og formidling på BIO og på prosjektet ArtsApp spesielt.

Arbeidsoppgåver:

  • Vidareutvikling av ArtsApp mobilapplikasjonen og tilhøyrande webapplikasjon og backend webtenester
  • Den som vert tilsett vil også kunne få nokon oppgåver knytt til IT-støtte på instituttet
  • Den som vert tilsett vil måtte pårekne å kunne settast til andre relevante oppgåver ved instituttet etter avslutninga av ArtsApp-prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må ha bachelorgrad, mastergrad eller ingeniørutdanning innan relevant felt (t.d. informatikk eller datateknikk)
  • Erfaring med ein eller fleire av følgjande er ein føremon:
    • utvikling av mobilapplikasjonar
    • HTML 5, CSS og JavaScript
    • front-end utvikling (gjerne React eller React Native)
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Interesse for og kunnskap om godt UX-design
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysnings- og resultatorientert
  • Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Det er og en føremon om du har interesse for biologi og utdanning.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn som overingeniør etter lønstrinn 53 - 57 i det statlige lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjør for tida kr 472 000 – 504 700. For særleg kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgare løn.
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 48 - 53 (kode 1085/LR22) i det statlige lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjør for tida kr 435 100 – 472 000.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • CV
  • Karakterutskrift og vitnemål
  • Relevante attestar
  • Eventuelle relevante publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor John-Arvid Grytnes, grytnes@uib.no, 55588128

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS