Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør / avdelingsingeniør - Institutt for fysikk og teknologi

Søknadsfrist: 16.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør/avdelingensingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi (www.uib.no/ift) er det ledig ei fast stilling som overingeniør eller avdelingsingeniør i mechanical engineering eller CNC-operatør, avhengig av kvalifikasjonane til den som vert tilsett.

Ved instituttet vert det gjort forsking på høgt internasjonalt nivå innan eksperimentell fysikk. For at instituttet skal kunne ta del i dette arbeidet, treng vi fagfolk med brei og oppdatert teknisk kompetanse. Vi bygger mellom anna vitskaplege instrument som skal integrerast i satellittar, rakettar eller fly. Vi har designa og bygd eit stort røntgen/gamma måleinstrument for ”Atmosphere-Space Interaction Monitor” som nå flyr på den internasjonale romstasjonen. Vi bygger tilsvarande instrument for flykampanjar over Amerika og Sentral-Amerika. Vi designar og bygger delar til et røntgen-teleskop for «SMILE» - eit kinesisk-europeisk satellittprosjekt som er planlagt for oppskyting i 2024. Ingeniøren vil ta del i design, bygging og testing av desse.

Arbeidsoppgåver:

  • Maskinering ved bruk av manuelle og CNC-styrte dreiebenkar og fresmaskinar.
  • Framstilling av høgteknologiske mekaniske komponentar for bruk i rommet.
  • Delta i design, utvikling, produksjon og testing av mekaniske løysingar for romapplikasjonar.
  • Lese mekaniske teikningar, dokumentasjon og standardar.
  • Drift av termisk-vakuumkammer
  • Ein del reising må påreknas.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad, bachelorgrad, eller ingeniørutdanning innan maskinteknikk eller liknande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjaren må kunne jobbe under press, levere innanfor tette tidsfristar og forvente overtidsarbeid når det er nødvendig.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjaren må ha erfaring som operatør av manuelle CNC-styrte fresar og dreiebenkar.
  • Erfaring med CAD, CAM og FEM er naudsynt.
  • Kunnskapar i ProE/Creo Parametric og Mechanica er ein føremon.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-60 i det statlege regulativet (kr 472 000 – 532 300), alternativt som avdelingsingeniør (kode 1085/LR22) i lønssteg 47-54 (kode 1085/LR22) i det statlege regulativet (kr 428 200 – 479 600).For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Den som vert tilsett skal arbeide med utstyr som er under eksportkontroll i henhold til "Strategic Trade Authorization (STA)" i amerikanske eksportlover, og søkjaren må oppfylle krava som er sett i desse. Søkjarar frå dei fleste europeiske land og USA gjer det.

Søkjaren bør opplyse om ho/han søkjer stilling som overingeniør eller avdelingsingeniør eller om begge typar stilling er aktuelle.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leiar for teknisk avdeling, professor Kjetil Ullaland, tel. 55 58 28 71, Kjetil.Ullaland@uib.no eller
  • Senioringeniør Georgi Genov, tel. 55 58 29 97, Georgi.Genov@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS