Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Vikar IT-teknikar / avdelingsingeniør IT

Søknadsfrist: 11.08.2019

Høgskulen på Vestlandet, avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ledig mellombels stilling som IT-teknikar/avdelingsingeniør IT, ved campus Sogndal

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.



Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje. Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Det er ledig stilling som IT-teknikar/avdelingsingeniør 100 % mellombels stilling, med ønskje om snarleg oppstart til 31.05.2020. Arbeidsstad Sogndal

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

I stillinga som teknikar/avdelingsingeniør vil du primært ha dine arbeidsoppgåver knytt til 1-linje brukarstøtte IT, og andre operative oppgåver innanfor IT-området.

Du vil også kunne bli tillagt andre oppgåver innafor avdelinga sitt ansvarsområde, til dømes:Prosjektarbeid, informasjonssikkerheit, opplæring, rådgiving, dokumentasjon, avtaler, innkjøp, systemdrift, integrasjon, klientdrift, backup,nettverk eller serverdrift.

Kvalifikasjonskrav:

Stillingskoden vert vurdert etter utdanning, erfaring, sjølvstende og kompleksitet i oppgåvene som skal utførast.

For å bli innplassert som Teknikar (1091) krev vi 3-årig vidaregåande skule eller tilsvarande, helst relevant tilleggsutdanning og praksis frå sjølvstendig arbeid. Det kan bli stilt krav om relevant utdanning/ kompetanse på høgare nivå eller praktisk arbeidserfaring frå relevante område.

For å bli innplassert som Avdelingsingeniør (1085) krev vi 3-årig høgskuleutdanning som ingeniør eller utdanning av tilsvarande lengde og omfang innan relevant fagområde. Relevant praksis/ erfaring eller vidareutdanning.

Personlege eigenskapar:Dette er ei stilling med mykje kontakt med tilsette og studentar. Du må vere serviceinnstilt, ha gode samarbeidsevner og evne til å jobbe under press i eit hektisk miljø.

Høgskulen er i omstilling, og tenesteområdet IT er i stadig endring. Du må kunne omstille deg, og vere flink til å ta til deg ny kunnskap og nye arbeidsoppgåver.Du må ha evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, og du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som teknikar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1091. Stilling som avdelingsingeniør er løna i Statens lønsregulativ, i stillingskode 1085.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Idar M. Flemmen tlf 95 04 32 15 e-post idar.flemmen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS