LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Konservator (bokkonservator)

Søknadsfrist: 07.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillingane:

Ved UB er det ledig ei fast 100 % stilling som bokkonservator/bokbindar (overingeniør 1087). Det er og ledig to 100% vikariat som papir- eller bokkonservatorar frå hausten 2022 til og med våren 2025. Stillingane er for tida knytt til Seksjon for spesialsamlingar, og dei tilsette vil arbeide med oppgåver knytt til universitetets prosjekt «Sikre samlinger». Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til kartlegging av spesialsamlingar
  • Vurdere behov for konservering, pakking og sikringsdigitalisering av enkelte objekt
  • Arbeide med både aktiv og preventiv konservering og utvikle strategiar for dette arbeidet.
  • Delta i arbeidet med følgjande oppgåver knytt til organisering, pakking og flytting av samlingar av bøker, fotografiar og andre materialtypar:
    • Registrering
    • Dokumentasjon
    • Bokkonservering og -binding
    • Pakking og utflytting
    • Vurdering av klimatiske forhold i magasinareal
    • Innflytting og organisering i nytt magasin
  • Ytterlegere arbeidsoppgåver kan bli pålagt i tråd med utvikling og behov knytt til universitetets prosjekt «Sikre samlinger».

Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte.

Til tider vil arbeidet vere fysisk og tidsmessig krevjande, og søkjarar må ikkje vere overfølsame for kjemikaliar og/eller støv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjend konservatorutdanning på bachelornivå med spesialisering innen papir- og/eller bokkonservering. Lang og brei bokbindingserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Må ha gode evner til å planlegge og gjennomføre konserveringsprosjekt for større boksamlingar
  • Må ha erfaring med aktiv og preventiv konservering.
  • Må ha praktisk erfaring med arkivmateriale, dokumenter og manuskripter.
  • Bør ha praktisk erfaring frå flytting/ombygging, gjerne frå bibliotek-, arkiv-, eller museumssektoren
  • Høg arbeidskapasitet
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert
  • Positiv, initiativrik og med evne til å kunne arbeide sjølvstendig og som del av eit fleirfagleg team.
  • Søkaren må ha god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk (andre skandinaviske språk) eller engelsk. Da norsk er administrasjonsspråket på UiB er det ein føresetnad at framandspråklege søkarar tileignar seg dette.

Det vil bli lagt vekt på søkjaranes personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som overingeniør (kode 1087) i årsløn som for tida tilsvarar kr. 509 500 – 544 400 brutto, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS