Stilling:

Universitetslektor (Skolelaboratoriet i realfag)

Søknadsfrist 20.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Skolelaboratoriet i realfag er det ledig ei stilling som universitetslektor knytt til etter- og vidareutdanning av lærarar. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første tre åra er stillinga finansiert av prosjekta Kompetanse for kvalitet (50% av stillinga), Den naturlige skolesekken (30% av stillinga) og Desentralisert kompetanseutvikling (20% av stillinga).

Skolelaboratoriet er ei lita eining med seks tilsette ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Vi har ansvar for etter- og vidareutdanning av realfagslærarar, og ulike prosjekt retta mot skular.

Stillinga vil vere knytt til etter- og vidareutdanning av lærarar, skuleutvikling og utdanning for bærekraftig utvikling. Den som vert tilsett vil ha ansvar for vidareutdanningskursa Naturfag 1 og Naturfag 2. For meir informasjon om Skolelaboratoriet i realfag, sjå: https://www.uib.no/skolelab

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, organisere og undervise på vidareutdanningskurs.
  • Kursutvikling i samhandling med både interne og eksterne samarbeidspartar.
  • Oppfølging av deltakarane på vidareutdanningskurs, vurdere og gje tilbakemeldingar på innsendte oppgåver og vere eksaminator på munnleg eksamen.
  • Utvikling og drift av nettsider som blir brukte i kurs og skuleutvikling.
  • Regionkontakt for prosjektet «Den naturlige skolesekken».
  • Rettleiing av skular på Vestlandet som arbeider med utdanning for bærekraftig utvikling gjennom prosjekta i den «Den naturlige skolesekken». Dette medfører mellom anna ansvar for metodisk utvikling og nettverksbygging.
  • Arrangere samlingar for deltakarane i «Den naturlige skolesekken» i samarbeid med Naturfagsenteret, både nasjonalt og regionalt.
  • Ta initiativ til etterutdanningskurs og følge opp Skolelaboratoriet si rolle i etterutdanningsprogram. Dette medfører internt og eksternt samarbeid.
  • Skolelaboratoriet er partnar i forsknings- og utviklingsprogram, der vår oppgåve er formidling, undervisning og praktisk tilrettelegging. Den som blir tilsett vil få sjølvstendige oppgåver i dette arbeidet.

Andre arbeidsoppgåver kan også bli aktuelle.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå i realfag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Pedagogisk utdanning og relevant undervisningserfaring er naudsynt.
  • Søkjarar med erfaring frå skuleutvikling og etter- og vidareutdanning av realfagslærarar vil bli føretrekt.
  • God administrativ IT-kompetanse er naudsynt.
  • Kjennskap til Canvas-basert læringsplattform, den nasjonale kursdatabasen skolelab.no og Wordpress er ein føremon.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Evne til å vere fleksibel i møte med nye arbeidsoppgåver.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009 / lønsramme 25) i lønssteg 58-70. Dette utgjer ei årsløn på kr 505 800 kr 631 700. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dagleg leiar Olaug Vetti Kvam, tlf. 55 58 22 27, epost: Olaug.Kvam@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS