Stilling:

Universitetslektor i norsk som andrespråk (norskkursa)

Søknadsfrist 08.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i norsk som andrespråk (Norskkursa)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast 100 % stilling som universitetslektor i norsk som andrespråk frå 1.8.2019. Universitetslektoren skal undervise utanlandske studentar og tilsette ved UiB i munnleg og skriftleg norsk innen for rammene av norskkursa.

Norskkursa ved LLE har for tida 12 fast tilsette universitetslektorar og har eit nært samarbeid med dei som arbeider i vitskaplege stillingar med norsk som andrespråk som ordinært studietilbod. Det blir gitt undervisning på ulike nivå, frå nybegynnarkurs til kurs med meir fokus på akademisk skriving. Norskkursa gir også ei innføring i norsk kultur og samfunnsliv. I tillegg til undervisning kjem eksamensarbeid (sensurering, utarbeiding av eksamensoppgåver og plasseringsprøver) og anna undervisningsrelatert arbeid. Ved Norskkursa arbeider ein også med å utvikle ulike nettbaserte læringstilbod.

Stillingsomtale

I stillinga ligg det 75 % undervisning og undervisningsrelatert arbeid, 15 % forsking og utviklingsarbeid og 10 % administrasjon. Delar av undervisninga kan bli lagt til sein ettermiddag eller kveld. Det kan òg bli aktuelt med undervisning i delar av sommaren.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett som universitetslektor, må ha norsk mastergrad i nordisk språk og litteratur, mastergrad i norsk som andrespråk, eller tilsvarande. Det er ein fordel om ein har norsk som andrespråk i fagkrinsen eller har god kjennskap til fagfeltet.

Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunne dokumentere kompetanse i bokmål og nynorsk. Søkjarar må ha morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk, noko som i tillegg til innsendt dokumentasjon kan bli vurdert under praktisk prøve og intervju.

Då dette først og fremst er ei undervisningsstilling, blir det lagt stor vekt på erfaring frå undervisning i norsk som andrespråk/framandspråk, særleg på universitets- og høgskulenivå. Andre relevante kvalifikasjonar er pedagogisk utviklingsarbeid, erfaring frå nettbasert undervisning / fleksibel læring og vitskapleg arbeid i fagfeltet norsk som andrespråk.

Ein vil ved tilsetjing leggje vekt på at søkjarane er skikka til å drive undervisningsarbeid.

Aktuelle kandidatar må rekne med å bli kalla inn til praktisk prøve og intervju.

Det blir stilt krav om pedagogisk basisutdanning i stillinga. Søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan to år etter dato for tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009/LR 25) etter tenesteansiennitet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderas høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk stillinga”.Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.Dette må følgje søknaden:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansar
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar
  • Publikasjonsliste
  • Inntil fem relevante vitskaplege eller pedagogiske skriftlege arbeider

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.Søknaden skal merkjast: 19 / 2356

Søknadsfrist: 08.03.2019

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagkoordinator Else Berit Molde, Norskkursa ved LLE, tlf.: 55 58 88 29 eller e-post: Else.Molde@uib.no

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS