Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Tannhelsesekretær (seksjonstannhelsesekretær)

Søknadsfrist 31.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Tannhelsesekretær (seksjonstannhelsesekretær)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig ei fast stilling som seksjonstannhelsesekretær (100 %) ved Seksjon for periodonti.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.

Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.

Arbeidsoppgåver:

  • samarbeide med overtannlegen om drifta av seksjonen
  • ansvar for eige område i klinikken med omsyn til utstyr, materialar og hygiene
  • utarbeide og oppdatere hygienerutinar og vedlikehaldsrutinar for fagseksjonen sitt utstyr og instrumenter i samarbeid med hygienesjukepleiar
  • lære opp studentar i hygiene
  • OPUS-ansvar på seksjonen (inkl. pasientøkonomi)
  • oversikt over og fordeling av seksjonen sine pasientar
  • innkalling av nye pasientar til studentane
  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
  • røntgenfotografering
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • pasientadministrative oppgåver

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar :

  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
  • evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
  • ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kompetanse innan data og Opus journalsystem
  • handtere telefonar
  • evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 38-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 371 500 – 403 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 eller e-post: Neshe.Lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS