Stilling:

Overingeniør (vikariat) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist 03.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør (vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig eit vikariat som overingeniør (100 %) fram til 31.01.2020.

Arbeidsoppgåver:

  • stillinga inneber kvalifiserte spesialoppgåver/utviklingsoppgåver knytt til forsking på leukemi og kreft, bistand til rekruttering og opplæring av master- og ph.d.-studentar
  • stillinga vil inngå i eit team og laboratorium på Klinisk institutt 2. Forskingsprosjekta er for tida i samarbeid med Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, og involverer kliniske studiar på pasientar med blodkreft

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må relevant mastergrad innan fagområde som medisinsk cellebiologi, molekylærbiologi, ekperimentell immunologi/hematologi og proteomikk
  • omfattande relevant praksis er eit krav, og erfaring innan prøvehandtering og biobanking vil bli vektlagt
  • det er krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • evne og interesse for å organisere laboratoriedrift og bestillingsrutiner er eit krav
  • gode samarbeidsevner og dokumentert evne til sjølvstendig arbeid
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bjørn Tore Gjertsen, e-post: bjorn.gjertsen@uib.no, mobil: 415 66 248

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS