Stilling:

Senioringeniør (Institutt for biovitenskap)

Søknadsfrist 7. desember 2018

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei fast stilling som senioringeniør, knytt til forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi (MUB). Store delar av gruppas forskingsaktivitet er retta inn mot utviklingsbiologi og fysiologi hos laksefisk og marine fiskearter, der modellarten sebrafisk òg er ein viktig del av forskinga.

Institutt for biovitskap er med sine 190 vitskapleg, 70 teknisk/administrativt tilsette og 670 studentar eit stort og fagleg vidfamnande institutt, med 15 forskingsgrupper innan molekylærbiologi, utviklingsbiologi, mikrobiologi, evolusjonsbiologi, økologi, biodiversitet, fiskehelse og havbruk. BIO er involvert i senter for framifrå utdanning (SFU; bioCEED), senter for framifrå forsking (SFF; Senter for Geobiologi) og sentre for forskingsdriven innovasjon (SFI; Lakselussenteret og CtrlAQUA). BIO har ein stor prosjektportefølje og om lag halvparten av dei vitskaplege stillingane er dekka gjennom eksternt finansierte forskingsprosjekt.

Arbeidsoppgåver

Ein sentral del av forskinga ved MUB er knytt til eksperimentelle forsøk med fisk og prøvetak i felt. Studia omfattar analysar og kartlegging av utviklingsbiologisk og fysiologiske prosessar. Metodane som vert nytta spenner frå genomanalyse, gen-editering, analyse av gen- og proteinutrykk til adferdsanalysar .

Sentralt i arbeidet vil vera oppsett av eksperimentelle forsøk, mikroinjeksjon, prøvetak og molekylære analysar som kloning og DNA sekvensering, påvising av genuttrykk i vevssnitt (in situ hybridisering, ISH) og kvantifisering av genuttrykk (RNAseq og kvantitativ PCR).Studie av vev og spesifikke celletypar omfattar i tillegg til genuttrykk, også påvising av protein ved ulike immunhistologiske teknikkar og mikroskopering. Metodar knytt til proteinreinsing, elektroforese, og immunkjemiske metodar og enzymaktivitet er òg aktuelle. I aukande grad vil målretta gen-redigering ved bruk av CRISPR-baserte metodar også verte nytta.

Ved instituttet er det ei ordning med beredskapsvakt for Levendedyrlaboratoria. Senioringeniøren må vere budd på å delta i vaktlaget for denne ordninga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha høgare utdanning på doktorgradsnivå innan biologi/molekylærbiologi eller tilsvarande utdanning, og må kunne dokumentere relevant praksis.
  • Personen må ha røynsle frå oppsett av eksperimentelle studiar av fisk, prøvetaking, opparbeiding av biologisk materiale, tolking og presentasjon av data.
  • Den som vert tilsett, må ha innsikt i og røynsle frå bruk av et stort utval av dei metodane som er skildra ovanfor.
  • Kandidatar med erfaring frå tekniske stillingar, eller som visar klar motivasjon for ein slik karriereveg vil bli føretrekte
  • Den tilsette vil og få ansvar for drift og fellesfunksjonar i forskargruppa. Arbeidet kan omfatte mellom anna innkjøp og registrering av utstyr og kjemikaliar. Drift og vedlikehald av felles basisinstrumentering vil kunne inngå som ein del av arbeidet. Førebuing av laboratoriekurs og undervisning kan òg bli aktuelt. Den som vert tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, og fungere godt i teamarbeid.
  • Søkjarar må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.
  • Søkjarar må kunne nytte norsk og engelsk skriftleg og munnleg. Vi vil legge vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi vil også leggje stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynt for stillinga.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-65 (for tida kr 492 300 - 560 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Send søknad, CV, kopi av vitnemål og attestar elektronisk ved å klikke på knappen merkt "SØK STILLINGEN" på denne sida.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS