LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (Project manager) - Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei 20 % stilling som seniorkonsulent (”Project Manager”). Stillinga er knytt til eksternt finansierte forskingsprosjekt og er fram til mars 2025 knytt til prosjektet NorEMSO.

Om prosjektet:

NorEMSO er eit sett med koordinerte, storskala djupvantsobservatorium som vil etablere ein norsk node i eit tverrfagleg europeisk infrastruktur for havbotn- og vassmasseobservasjon (EMSO). EMSO er eit europeisk forskingsinfrastrukturkonsortium (ERIC) med formål å utforske hava for å betre forstå deira kritiske rolle i klimasystemet. EMSO har observatorium i Atlanterhavet, Middelhavet og Svartehavet. De nordiske hava er særdeles viktige for klimasystemet vårt og for den globale havsirkulasjonen, men dette området har stått fram som eit stort gap i EMSO. NorEMSO dekker dette gapet ved å opprette eit omfattande observasjonsnettverk i dei nordiske hava. Her vil NorEMSO utvide eksisterande og etablere ny infrastruktur som skal koordinerast med og integrerast inn i EMSO.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektkoordinering knytt til å arrangere møter, lage innkalling, ta referat
  • Nettsidepublisering
  • Samle informasjon til rapportering for infrastrukturprosjektet NorEMSO.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Utdanning i og/eller erfaring frå prosjektadministrasjon er eit krav.
  • Erfaring frå prosjektadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren er ein føremon.
  • Gode kommunikasjonsevner også på tvers av fagområde.
  • God skriftleg framstillingsevne og evne til å formulere populærvitskaplege tekster for formidling til ulike parter
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57 – 64 (for tida kr 516 100– 583 500) i det statlege lønsregulativet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ilker Fer, Geofysisk institutt, e-post: ilker.fer@uib.no, eller administrasjonssjef kristin.kalvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS