Stilling:

Stipendiat 3 år ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin

Søknadsfrist 24. juni 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse- og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS) er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” LIVE@Home.Path ”, finansiert av Norges forskningsråd.

Prosjekt

Målet med prosjektet er å utvikle, teste og implementere ein kompleks intervensjon som skal resultere i eit klinisk forløp som skal støtte nydiagnostiserte heimebuande personar med demens og deira pårørande. Målet med intervensjonen er å redusera byrda til dei pårørande og betre livskvalitet til pasienten fordi dei kan bu lengre og sikrare i eigne heim. Intervensjonen skal også testast ut frå eit helse- og samfunnsøkonomisk perspektiv, der målet er å nyttiggjere dei tilgjengelege ressursane på en betre måte.

LIVE@Home.Path er eit prosjekt med både kvalitativ og kvantitativ datainnhenting som munnar ut i ein toårig randomisert kontrollert studie (RCT) som skal testa effektiviteten av LIVE-intervensjonen.

På lang sikt er målet aukande bevisstheit og kunnskap om demens hos helsepersonell og i samfunnet elles.

(http://www.uib.no/sefas/89867/livehomepath)

Det vil til saman verte lyst ut fem (5) stillingar knytt til LIVE@Home.Path –prosjektet; ein stipendiat og ein postdoktor ved SEFAS, ein stipendiatstilling knytt til Haraldsplass Diakonale sjukehus, ein postdoktorstilling ved Høgskulen på Vestlandet og ein postdoktorstilling ved Uni Research Rokkansenteret.

Ved SEFAS leggast det stor vekt på brukarinvolvering i alle ledd av forskinga.

Hovudoppgåver

Kandidaten vil få som sin primære oppgåve å samle inn kvantitative data under den toårige intervensjonsperioden. Kandidaten vil i tett samarbeid med prosjekt-temaet, Bergen kommune og Haraldsplass Diakonale sjukehus bidra med inkludering av pasientar, opplæring av helsepersonell, undervisning til personar med demens og deira pårørande, samt datainnsamling og analysar av data og publisering.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Senterleiar Bettina Husebø, tlf.: +47 55 58 67 35, epost: Bettina.Husebo@uib.no , eller
  • Forskingskoordinator Janne B. Bøe, tlf.: +47 55 58 67 24, epost: janne.boe@uib.no

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha fullført mastergrad i helserelaterte fag (medisin, sjukepleie, farmasi, psykologi) eller ha anna relevant mastergrad, eller ha levert masteroppgåve til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelige mastereksamen før 31.07.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt.
  • God skriftleg og munnleg engelsk og norsk er eit krav.
  • Det er ønskeleg at søkjar har kunnskap om demens.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Forskarutdanning

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje

tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Vi kan tilby:

  • Lønn etter lønnsstige 50 (kode 1017/lønnsramme 20.8) i lønnsregulativet til staten, for tida kr 436 900. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med gjennomført turnusteneste og søkjarar med minst eitt års tilsetjing i tannlegestilling lønssteg 52, for tida kr 451 300. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.15), for tida kr 499 600.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslas om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 24.06.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Bettina Husebø (Senterleiar)

Telefon: +47 55 58 67 35

E-post: Bettina.Husebo@uib.no

Kontakt 2: Janne B. Bøe (Forskingskoordinator)

Telefon: +47 55 58 67 24

E-post: janne.boe@uib.no

Powered by Labrador CMS