Stilling:

Vikariat universitetslektor 20 % i musikkterapi

Søknadsfrist 2. juli 2018

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei mellombels vikarstilling som universitetslektor (20%) innan fagområdet musikkterapi. Tilsetjing er ønska frå 01.08.2018 – 31.06.2019.

Griegakademiet – Institutt for musikk, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarleg ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

KMD samarbeider med leiande institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

Vi søker ein universitetslektor til undervisning i musikkterapi på studieprogrammet Integrert master i musikkterapi. Den som vert tilsett bør ha erfaring og kompetanse i musikkterapeutisk praksis med barn. Undervisningsoppgåver som er aktuelle er knytt til musikkterapi med barn og unges oppvekst, til innføringsemner i musikkterapi og rettleiing av studenter på både BA- og MA-nivå. Undervisningsoppgåver på andre emne kan og verte aktuelt.

Griegakademiet – Institutt for musikk

Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytt til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine.

Kvalifikasjonar

Søkarar må normalt ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuell disiplin. Søkarar må og ha erfaring som praktiserande musikkterapeut.

  • Dokumentert kompetanse i fagområdet
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjaren sin utdanning, undervisning og rettleiing.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Forskingserfaring
  • organisatoriske evner og erfaring
  • gode samarbeidsevner

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga

Dei best kvalifiserte søkjarane kan bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan og bli bede om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Vi kan tilby:

  • Løn på kr. 436.900 - 482.500 (kode 1009) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing (løn er under justering). For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Fordeling av arbeidstida går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som blir utarbeidd i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenkje på denne sida «SØK STILLINGEN». Last opp alle vedlegga som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp.

Andre opplysingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglege utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 - 55 58 69 79.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Søknadsfrist: 02.07.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Randi Rolvsjord (Instituttleiar)

Telefon: + 47 - 55 58 69 79.

Powered by Labrador CMS