Stilling:

Stipendiat innan utdanningsforsking ved bioCEED, Senter for framifrå utdanning i biologi

Søknadsfrist 12. august 2018

Ved Institutt for biovitskap (BIO) (http://www.uib.no/bio), er det ledig ei stilling som stipendiat innan utdanningsforsking, knytt til matematikk i biologiutdanningane. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til Senter for framifrå biologiutdanning (bioCEED).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

bioCEED utviklar, testar, og tar i bruk nye studentaktive læringsformer i biologi. Senteret utvikler studentaktive felt- og laboratorieundervisning, og samarbeid mellom forsking, næringsliv, forvaltning og utdanningssektoren om å få meir praksis inn i utdanningane. bioCEED har som mål at studentane gjennom biologiutdanninga skal utvikle grunnleggjande vitskapleg dugleik og haldningar, samtidig som dei vert budd på å løyse viktige problem i vitskap, industri, næring og samfunn. Eit viktig satsingsfelt for bioCEED er å utvikle gode modellar for integrering av generelle ferdigheiter og kunnskapar, og å bygge ein god progresjon i desse ferdigheitene og kunnskapane gjennom biologistudiet.

Stipendiaten vil jobbe med:

  • utvikling og testing av nye metodar og læringsverktøy for integrering av matematikk, statistikk, og modellering i biologiutdanningane.
  • delta i utvikling av studentaktive metodar og læringsverktøy for integrering av matematikk, statistikk, og modellering i biologiutdanningane, i samarbeid med andre samarbeidspartnarar i prosjektet
  • teste effektar av desse verktøya på studentanes motivasjon og læringsutbytte.
  • utvikle og teste sine egne problemstillingar og hypotesar knytt til desse studia
  • analysere data og skrive og publisere vitskaplege artiklar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi, matematikk, pedagogikk, eller realfagdidaktikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå undervisning, utvikling av undervisningsmateriell, utdanningsfaglig kompetanse og/eller vurdering av læring og læringsutbytte er ein føremon.
  • Gode matematikkunnskapar
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Gode engelsk- og norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • eit perspektivdokument (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine forskingsinteresser inn mot stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar, inkludert masteroppgåve og innsendte manuskript

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleiar professor Vigdis Vandvik (vigdis.vandvik@uib.no, telefon +47 47301794) eller
  • Førsteamanuensis Sigrunn Eliassen (sigrunn.eliassen@uib.no)

Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 12.08.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Vigdis Vandvik (Senterleiar)

Telefon: +47 47301794

E-post: vigdis.vandvik@uib.no

Kontakt 2: Førsteamanuensis Sigrunn Eliassen

E-post: sigrunn.eliassen@uib.no

Powered by Labrador CMS