Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i naturfag - vikariat

Søknadsfrist 28. juni 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i biologi/ biologididaktikk for perioden 1.8.2018 til 31.7.2019. Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktige aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage og det sivile samfunn.

Ansvars- og arbeidsområder:

Stillinga høyrer til i naturfagmiljøet i Bergen i samband med grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. Stillinga vil først og fremst innebere undervisning i naturfag i BLU (barnehagelærarutdanninga), men det vil også være noko undervisning på kurs for utanlandske studentar.

Arbeidsoppgåvene vil være undervisning, utvikling og gjennomføring av tverrfaglege opplegg i barnehagelærarutdanninga, oppfølging i praksis, samt rettleiing og vurdering av studentar. Mykje av undervisninga føregår i felt gjennom heile året.

Kvalifikasjonskrav

Personen som skal tilsetjast i vikariatet må ha hovudfag/mastergrad i biologi. I tillegg til dette må personen ha utdanning i biologididaktikk eller undervisningserfaring i biologi.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for innhaldet i stillinga. For tilsetjing som førstelektor må søkaren ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, med tilsvarande krav til relevans. Søkarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Samla kompetanse i naturfagmiljøet vil vera avgjerande ved tilsetjing

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring frå undervisning i felt
  • undervisningserfaring frå barnehagelærarutdanning, barnehage, leirskular eller liknande
  • gode skiferdigheitar
  • meistre engelsk som undervisningsspråk for utanlandske studentar.

Det vil bli vurdert om søkar er personleg egna for stillinga.

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida.

Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjøv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Aktuelle søkarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju og det kan bli aktuelt med ei kort prøveforelesning.

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

1) Høgskulelektor Anne Lynngård: 55585869 / 95120698

2) Assisterande instittutleiar Merete Økland Sortland: 53491428 / 90955465

Søk denne stillinga

Søknadsfrist: 28.06.2018

Web: www.hvl.no

Kontakt: Anne Lynngård ( Høgskulelektor)

Telefon: 55585869 / 95120698

Kontakt 2: Merete Økland Sortland (Assisterande instittutleiar)

Telefon: 53491428 / 90955465

Powered by Labrador CMS