Stilling:

Førsteamanuensis i bioinformatikk ved Computational Biology Unit og Institutt for biovitskap

Søknadsfrist 15. august 2018

UiB har etablert Computational Biology Unit (CBU – www.cbu.uib.no) som eit senter for forsking og utdanning innan feltet bioinformatikk. CBU er vertskap for forskingsgrupper frå ulike institutt knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinsk-odontologiske fakultet. Saman med Institutt for Informatikk, tilbyr CBU studieprogram på bachelor-, master- og ph.d.-nivå innan bioinformatikk. Ved CBU driv ein grunnleggjande bioinformatikk forsking som involverer utvikling av nye metodar – anten som eit mål i seg sjølv eller som del av eit biologisk forskingsprogram. CBU leiar den norske Noden av ELIXIR, ein europeisk forskingsinfrastruktur (www.elixir.org), ein nasjonal forskingskole innan bioinformatikk, biostatistikk og systembiologi (www.norbis.no), og spelar ein sentral rolle innan forskingssenteret Digitalt Liv Norge (www.ntnu.edu/dln).

Med støtte frå Bergens forskingsstiftelse (http://bfstiftelse.no/) vil CBU bli styrka med ei ny gruppeleiarstilling. Ambisjonen er å styrke bioinformatikk og berekningsbasert livsvitskapleg forsking og utdanning ved UiB – gjennom eit sterkt senter med kritisk masse på CBU og gjennom tett samarbeid med det aktuelle instituttet ved UiB. Stillinga blir lyst ut som førsteamanuensis knytt til Institutt for biovitenskap (BIO). Den som blir tilsett vil ha kontor både ved CBU og BIO. Vi søkjer etter ambisiøse kandidatar som vil bidra til forsking og undervisning både ved CBU og ved BIO. Etter tilsetjing kan kandidatar søkje om å bli professor – avhengig av kvalifikasjonar.

Institutt for biovitskap (BIO) (www.uib.no/bio) har ei sterk stilling internasjonalt innan biologi, med forsking og utdanning på tvers av ei rekkje tema inkludert molekylærbiologi, utviklingsbiologi, mikrobiologi, fylogeni, biodiversitet og økologi, miljø-toksikologi, fiskeri, havbruk og fiskehelse. Meir enn 2/3 av forskingsaktiviteten ved instituttet er knytt til det marine.

CBU og BIO er begge i høg grad internasjonale arbeidsmiljø, og arbeidsspråket i det daglege er vanlegvis engelsk.

Vi søkjer ein kandidat med ph.d. grad og ein sterk teoretisk og praktisk bakgrunn innan berekningsbasert biologi og bioinformatikk, inkludert metode-utvikling. Kandidaten som blir valt bør i tillegg ha forskingserfaring innan eit eller fleire av områda nemnt over under omtalen om BIO. Vi søker ein framstormande forskar med godt potensiale for å utføre forskingsprosjekt på høgt internasjonalt nivå. Kandidaten må også vere sterkt motivert for å engasjere seg i forsking retta til relevante områder for Institutt for biovitskap.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • søkjarar må ha relevant doktorgrad til dømes innan bioinformatikk, biologi eller molekylærbiologi
  • dokumentert sterk erfaring innan bioinformatikk retta mot molekylære data og inn mot minst eitt relevant fagområde ved BIO
  • dokumentert evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering
  • søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • søkjarar må ha gode samarbeidsevner
  • søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • dokumentert erfaring med avansert bruk av bioinformatiske metodar
  • interesse for og evne til å bidra til forskingsaktivitet ved CBU og ved BIO
  • interesse for og erfaring innan undervisning (på bachelor- eller master nivå) og rettleiing av studentar (master/ph.d.)

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid, samt evne til å skaffe eksterne midlar til forsking. Kandidaten som blir valt blir forventa å spele ein aktiv rolle i interdisiplinært forskingssamarbeid, opplæring og utdanning, og å bidra til eit stimulerande forskingsmiljø innan bioinformatikk og berekningsbasert biologi ved CBU og BIO.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men kan óg være engelsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt,
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 24.8). Dette utgjer ei årslønn på ca. kr. 565 500 – 658 300. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  • høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse med årleg søknadsfrist 15. september .

Til stillinga som førsteamanuensis følgjer ei ph.d.-stilling (4 år).

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing som søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga (maksimalt 1 sider)
  • Eit forslag til forskingsplan for dei neste fem åra, og potensielle områder for samarbeid med forskarar og grupper ved CBU og BIO.(opp til 3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid
  • relevante skriftlege referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

For meir informasjon, sjå www.cbu.uib.no eller kontakt:

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 03.07.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Ørjan Totland (Instituttleiar)

Telefon: +47 477 580 58) eller

E-post: orjan.totland@uib.no

Kontakt 2: Prof. Inge Jonassen (Leiar for CBU)

Telefon: +47 55 58 47 13

E-post: inge.jonassen@uib.no

Powered by Labrador CMS