Stilling:

Tannhelsesekretær

Søknadsfrist 24. juni 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig ein 100 % fast stilling som tannhelsesekretær.

Hovudoppgåve vil vere å bistå ved kliniske forskingsprosjektar, rettleie og assistere studentar og spesialistkandidatar ved kirurgiske inngrep, implantatbehandling.

Den som vert tilsett vil verte plassert med arbeidsstad ved ein av seksjonane ved instituttet, men må rekne med å gjere teneste ved andre fagseksjonar/einingar:

Seksjon for endodonti, førebyggjande tannhelse, hovudresepsjon, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pasientinnskriving, pedodonti og periodonti.

Tannhelsesekretær vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.

Arbeidsoppgåver

  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar og studentar
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • registrere og hente ut informasjon frå Opus, rettleiing av studentane i programmet
  • registrering/innskriving av pasientar

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • søkarar må ha erfaring med å rettleie og assistere studentar og spesialistkandidatar ved kirurgiske inngrep og implantatbehandling.
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
  • sjølvgåande og strukturert
  • nøyaktig og god ordenssans
  • fleksible, kreative og samarbeidsorienterte person med vilje og evne til skape godt miljø
  • nøyaktig i arbeidsutførelse og trives med rutinearbeid
  • teknisk forståelse og god IT-kompetanse vil vere ein føremon

Den som vert tilsett må kunne norsk munnleg og skriftleg flytande, vere serviceinnstilt, fleksibel, ansvarsmedviten og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Neshe Lie, klinikkleiar, tlf: 55 58 66 30
  • Dagmar F. Bunæs, Overtannlege tlf: 55 58 66 43

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 38-42 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.8), for tida 371 500 – 391-800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Løn er under justering
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgjevar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Slik søkjer du stillinga

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 24.06.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Neshe Lie (Klinikkleiar)

Telefon: 55 58 66 30

Kontakt 2: Dagmar F. Bunæs (Overtannlege)

Telefon: 55 58 66 43

Powered by Labrador CMS