Stilling:
Rådgjevar (studieleiar) - Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Søknadsfrist: 21. juni 2018
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som studieleiar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er på rådgjevar-nivå og knytt til vår fellesadministrasjon for dei tre institutta Sosiologisk institutt, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og Institutt for samanliknande politikk.
Den som blir tilsett vil få ansvar for å koordinere den studieadministrative verksemda i fellesadministrasjonen og vere arbeidsleiar for seks studie- og eksamenskonsulentar. Arbeidet vil bli utført i samarbeid med administrasjonssjef og den faglege leiinga ved dei tre institutta
For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsleiar for studie- og eksamenskonsulentane og koordinering av den studieadministrative verksemda
- Utrednings- og utviklingsarbeid på studiefeltet
- Informasjonsarbeid, i hovudsak nettbasert
- Ansvar for konferansar og andre større arrangement ved institutta
- Praktisk støtte til administrasjonssjef
- Andre studierelaterte oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen
- Relevant studieadministrativ praksis. Det er ein føremon med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
- God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
- Gode leiar- og samarbeidsevner
- Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
- Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
- God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Løn som rådgjevar etter kode 1434 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.62-65. For tida utgjer det mellom 537 700 – 569 000. Løna er for tida under justering. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
- Fleksibel arbeidstid
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte Administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs ved fellesadministrasjonen for Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt, tlf.: 55 58 24 31, epost: Charlotte.Lillefjaere@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2018/6351
Søknadsfrist: 21. juni 2018
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Søknadsfrist: 21.06.2018
Web: www.uib.no
Kontakt: Charlotte Lillefjære-Tertnæs (Administrasjonssjef)
Telefon: 55 58 24 31
E-post: Charlotte.Lillefjaere@uib.no