Stilling:

Forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk 50% (mellombels)

Søknadsfrist 24. juni 2018

Ved Matematisk institutt er det ledig ei mellombels 50 % stilling som forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein periode på to år og knytt til EU prosjektet «MegaRoller».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

På dette prosjektet vil det verte utarbeidd ein modell som kan beskrive korleis bølgjer frå djupt vatn vert transformert når dei kjem i grunnare vatn. Modellen vil verte basert på KdV likninga og ein forståing av impuls og energi fluks i denne modellen. Det vil verte utarbeidd ein programpakke samt bruksanvisning slik at dette kan brukast av folk som ikkje er ekspertar på denne likninga. Det skal også inngå eit statistisk element i modelleringa slik at det kan brukast i tilfelle data basert på målingar inneheld stor usikkerheit.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk/mekanikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane, og kandidatene må vere i stand til å gjennomføre prosjektet i stor sjølvstende.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490.900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. Lønnen er under regulering.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Henrik Kalisch, Matematisk institutt, epost: Henrik.Kalisch@uib.no , tlf. 55584874.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 24.06.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Henrik Kalisch

Telefon: 55584874

E-post: Henrik.Kalisch@uib.no

Powered by Labrador CMS