Stilling:

Økonomikonsulent (seniorkonsulent)

Søknadsfrist 8. juli 2018

Har du lyst på ei spanande og utfordrande økonomistilling ved Universitetet i Bergen?

Er du motivert for nye oppgåver på eit ambisiøst fakultet?

Det humanistiske fakultet søkjer ein motivert og dyktig person til ei fast, 100% stilling som seniorkonsulent frå 01.10.2018.

Stillinga er knytt til seksjon for økonomi ved fakultetet.

Økonomiseksjonen ei gruppe på 10 medarbeidarar som har ansvar for kontroll og rekneskap for alle einingane ved fakultetet. Seksjonen har òg ansvar for økonomistyring, budsjettering og rapportering av basisverksemd og prosjektverksemd. Den økonomiske rapporteringa er på ulike nivå, til universitets-, fakultets- og instituttleiing, men òg til vitskaplege tilsette og prosjektleiarar.

Arbeidsoppgåver

Som økonomikonsulent vil du få varierte arbeidsoppgåver innan økonomifeltet og få nærleik til instituttnivået. Du vil få mykje kontakt med tilsette på fakultet og institutt, og arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med administrativt og vitskapleg tilsette. Stillinga krev god forståing for primæraktivitetane ved eit institutt (undervisning, forsking og formidling) og organisering av instituttverksemda. Døme på oppgåver er:

  • Økonomisk-administrative driftsoppgåver knytt til variabel løn, honorar, reiser, bestillingar og fakturaer.
  • Budsjettering, rapportering og leiarstøtte
  • Budsjettering, rekneskap og oppfølging av eksternfinansierte prosjekt
  • Oppfølging av økonomiske midlar til tilsette
  • Oppfølging anleggsmidlar og leiestad

Det er òg aktuelt at personen som vert tilsett får eit særskilt ansvar for å utvikle spesiell kompetanse innan etter- og vidareutdanning på tvers av einingane ved fakultetet. Oppgåver innan dette feltet vil dekkje analyser av lønsemd for nye og eksisterande tilbod, rådgjeving til institutt, praktisk oppfølging av rekneskap og rutinar, særskilt på grunnløyvinga.

Den som vert tilsett kan også få andre oppgåver innan økonomifeltet.

I byrjinga vil du få særskilt ansvar for eit institutt, men du vil også arbeide for andre einingar. Økonomifeltet er i stor endring for tida, og organiseringa i seksjonen og på universitetet kan bli endra i dei neste åra.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgare økonomisk utdanning, helst med vekt på økonomistyring og rekneskap
  • Det er ein føremon med relevant arbeidserfaring, gjerne frå universitetssektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt kompetanse i Excel

Personlege eigenskapar

  • God økonomiforståing og gode analytiske evner
  • Evne til å sjå både detaljar og heilskap
  • Effektiv, nøyaktig, strukturert og målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige arbeidsområde
  • Initiativrik i forhold til arbeidsmåtar, system og rutinar
  • Trivst med høgt tempo og mange ballar i lufta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress
  • Serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Erfarne kollegaer som deler kunnskap
  • Fleksitid og gode velferdsordningar
  • God tilgang på kurs og kompetansebygging
  • Løn etter lønssteg 55-60 mellom 480 600 kr - 524 200 kr etter kvalifikasjonar. For særlig kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Nærare informasjon om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Annhild Fetveit, tlf. 55 58 93 86 eller epost: annhild.fetveit@uib.no eller fakadm@hf.uib.no

Søknadsfrist 8. juli 2018

Merk søknaden 18/6905

Søk på stillingen

Søknadsfrist: 08.07.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Annhild Fetveit (Seksjonsleiar)

Telefon: 55 58 93 86

E-post: annhild.fetveit@uib.no / fakadm@hf.uib.no

Powered by Labrador CMS