Stilling:

Førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor i engelsk litteratur og kultur - vikariat

Søknadsfrist 28. juni 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 3 vikariat i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor /høgskulelektor i engelsk kultur og litteratur for perioden 01.08.18-31.07.19. Stillingane er knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolkning.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ansvars- og arbeidsområder

Stillingane er knytt til skulefaget engelsk i grunnskulelærarutdanninga (inkludert didaktikk). Arbeidsoppgåver som ligg til stillingane er undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentar. Kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av søkarane sin kompetanse og behov ved seksjonen. Det blir også forventa deltaking i seksjonen sitt faglege arbeid. I stillinga inngår ressurs til faglig-administrativt arbeid.

Kvalifikasjonskrav

Søkarar til stillingane må ha hovudfag / mastergrad i engelsk litteratur/kultur eller engelsk litteratur- /kulturdidaktikk.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor er krava kompetanse på nivå med doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Erfaring med undervisning i engelsk litteratur/kultur og fagdidaktikk på høgskule-/universitetsnivå, spesielt i grunnskolelærarutdanning 1-7 og 5-10, vil bli sterkt vektlagd. Undervisningserfaring fra grunn- og/eller videregående skole vil bli vektlagt. For tilsetjing som høgskulelektor er det ønskeleg med erfaring i deltaking i relevant forskings- og utviklingsarbeid

Den som blir tilsett vil ha sin daglege arbeidsplass ved HVL i Bergen. Han eller ho må ha gode samarbeids- og formidlingsevner men og evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høg etisk bevissthet i møte med studentar er og påkrevd.

Søkarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1198

Høgskulelektor blir lønt etter Statens regulativ kode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

  • Assisterende instituttleder Dagmar Cejka tlf: . 55 585786

Søk denne stillinga

Søknadsfrist: 28.06.2018

Web: www.hvl.no

Kontakt: Dagmar Cejka (Assisterende instituttleder)

Telefon: 55 585786

Powered by Labrador CMS